Siste dagane har Vestlandsnytt vore i kontakt med distribusjonen, utan å få ei løysing på saka.

Det gjeld eit par pakkar med aviser som etter planen skulle kome med Posten til Fiskå, som er utgangspunktet er for Posten sin distribusjon til bygder i Vanylven, i tillegg til Sandsøya / Voksa og Kvamsøya.

Pakkane er ikkje å finne nokon stad, opplyser vår distributør og Posten. Dei som er abonnentar, har moglegheit til å lese papiravisa som e-avis (vestlandsnytt.no). Vi kan ikkje gjere anna enn å beklage det som har skjedd.

PS: Frå og med veke 27 kjem papiravisene på TORSDAGAR. Første dag med sommarutgjeving er torsdag 7. juli.