Sist helg gjekk Haugsholmendagane av stabelen. Det er eit arrangement der eigarar og etterkomarar av handelsfamilien Frimanslund – saman med gjengen i Haugsholmens Vener – syner fram plassen, byr på underhaldning og slår eit slag for den gamle kystkulturen dei held i hevd.

Vert det nokre kroner i kassa, går det til vidare renovering av typiske handelsstad-fasilitetar. Det er viktig at arven vår vert teken vare på.

I vårt område finn vi fleire satsingar og prosjekt der gamle handelsstadar vert bevarte for ettertida. Her er reiseliv eit nøkkelord. Nyleg kunne vi fortelje om den storstilte gjenoppbygginga på Torvholmen, der ekteparet Spitzberg har brukt millionar av kroner.

På naboøya Flåvær skjer det eit kontinuerleg arbeid der etterkomarar av tidlegare drivarar og eigarar står på for å halde den gamle handelsstaden i hevd.

I mange samanhengar støttar offentlege instansar satsingane, og det er særs positivt. Men det går ikkje utan eldsjeler, slik vi til dømes ser med Rønneberg-eigedomen på Larsnes, som er i ferd med å bli ført tilbake til gamal prakt. På Storholmen er det same, gledeleg nok, i ferd med å skje.

Vi nemner òg Skotholmen-satsinga, der det har kome ein topprestaurant på ein stad som også har historisk sus. Det same kan seiast om den gamle Olsen-eigedomen på Sandshamn, der eigarane steller til og renoverer.

Frå før veit vi at Kjeldsund – for ikkje å nemne perla Herøy Gard – også er i dei beste hender.

Midt i alt er det viktig at overordna mynde ikkje vert for strenge når det gjeld fortid i høve framtid. Det falleferdige gamle storebåtnaustet som Rosenlund Hamn har teke over, kan ikkje rivast, fsastheld fylkeskommunen. Det kan vere utfordrande å skjøne alt som kjem frå Molde, i alle fall her.

Nokre gongar er det faktisk slik at nostalgi og gamle minne bør vike for vekst og utvikling, og i dette konkrete tilfellet finn ein etter underteikna sitt syn eit bra døme på nettopp det.