Det der er ein blankmispel. Dei let vi stå.

Nils Melbø i Mattilsynet har teke tak i ei grein, viser den fram og forklarar oss korleis ein ser forskjell på ulike mispelplanter.

– Mispel av denne typen er tjukkare og meir tettvekst enn dei andre, noko som gjer at bakterien har vanskeleg for å spreie seg inn til sjølve planta. Som du ser, er denne blankare på blada, derav namnet, held han fram, før han får auge på ei anna plante litt lenger oppe i hogget.

– Men den skal bort, seier han, og peikar på den aktuelle busken av bulkemispel i ein av hagane.

Det er tysdag morgon og vi er på oppdrag. På oppdrag for å nedkjempe ein bakterie som har herja med mispelplanter i Herøy og Sande dei siste tre åra. Ein sjukdom som framleis skapar hovudbry for Mattilsynet. Ja, du gjetta riktig. Pærebrann. Førre veke gjekk startskotet for årets utryddingsarbeid for Valdal bygdeservice, som på oppdrag frå Mattilsynet, har jobba med å utrydde mispelplanter i kommunane dei siste tre åra. I 2017 blei noregshistorias største utbrot av plantesjukdomen nemleg påvist i Herøy og Sande.

– Her har du eit klassisk døme på pærebrann, seier Gunnar Hoel.

Saman med kollega Tore Sandberg røskar han tak i ei av greinene til ein større bulkemispel, knekk den, for så å vise fram blada. Dei to er bakkemannskapet som står for sjølve ryddinga. Hoel leiter litt langs greinene for å finne eit fotogent døme på bakteriesjukdomen.

– Der har du det! Melbø tek tak i ein av spirane.

– Ser du stilken på bladet her? Han er heilt svart. Skal ein leite etter sjukdommen, er dette ein måte å sjå det på. Blada blir brune frå stilkfestet ut mot spissen. Etter ei tid, kjem det også fram små, grå, slimliknande dropar av bakterie på skota, og borken blir mørkare utan noka skarp grense mot frisk bork, forklarar han.

– Det er slimet som ofte er det største problemet når det kjem til smitte. I 99 prosent av tilfella skuldast pærebrann-smitte insekt som flyg mellom plantene, som tek med seg bakteriar i form av slikt slim.

Vidare fortel Melbø at dei også mistenker insekt, nærmare bestemt bia, for at sjukdommen i det heile tatt har kome seg hit.

– Vi har observert at sjukdommen dukkar opp litt her og der, og at der ikkje er klare smittebaner. Likevel ser vi ofte at det er eit samanfall med flytting av bikubar, seier han.

Og no skal altså denne sjukdomen utryddast for godt i Herøy og Sande. Det er framleis ein del arbeid som står att.

– Primært, så er vi fokuserte på Fosnavåg, Bergsøya og Remøya no i sommar og utover hausten, forklarar Hoel, og viser fram kartet av Fosnavåg. Her har dei kryssa av for alle stadane dei har utført arbeid på.

– Men korleis går de fram for å få til dette då, spør vi Hoel og Sandberg.

– Alt av bulkemispel og pilemispel skal ganske enkelt vekk. Vi sagar ned plantene og sprøyter på konsentrert Glyfosat (plantegift red mrk.) for å hindre at det ikkje veks opp att, forklarar Sandberg.

– Vi har gått i så å seie alle hagane til folk for å sjekke og sage ned, så om folk lurer på kvifor det går to oransjekledde mannfolk i refleksvest rundt om i hagane til folk, vel, no veit de kvifor, smiler Hoel.

Så, sage ned plantene og sprøyte på litt gift. Det høyrest no i utgangspunktet gjennomførbart ut, men i realiteten er oppgåva vanskelegare enn som så.

– Ja, mispelplantene spreier seg som berre det, veldig mykje takka vere fuglar. Bæra på desse trea er som dessert for fuglar. Derfor finn vi ofte mispelvekst i område rett under høgspentleidningar eller grantre, der fuglane sit og skit, forklarar dei tre i fellesskap.

Dette har naturlegvis gjort at mispelplantene, som opphavleg var importert som hekkplanter for hagar fram til 1986 då det blei forbod mot planta, har spreia seg ut i utmarka.

– Og det er her det blir vanskeleg å få med alt, seier Sandberg.

Vi er omsider komne fram til skogholtet der utryddingsarbeidet no går føre seg for fullt. Vi vassar bokstavleg talt rundt i den nedslaga, uønskte planteveksten.

– Som du ser, er det ein del, smiler Sandberg litt oppgitt.

– Og når vi går rundt og kikar på desse plantene kvar dag, blir ein litt blind på dei også, så det hender at vi på tilbakevegen finn endå fleire.

Men sjølv om det er mykje arbeid med å fjerne mispelplantene, seier Melbø at dei er optimistiske med tanke på å få bukt med problemet.

– Ja, vi skal nok få det til, men det tek tid.

Og akkurat derfor er all hjelp Mattilsynet kan få kjærkomen.

– Folk må gjerne hjelpe oss. Vi har faktisk hatt frivillige som har vore med og merka mispel for oss. Folk har også ringt til oss og meldt ifrå om førekomsten av bulkemispel og pilemispel i hagane sine. Dette er til stor hjelp. Og hugs på, desse plantene skal vekk.

Melbø forklarar at folk gjerne også kan ta fatt på utryddingsarbeidet sjølv, om dei vil.

– Sag ned plantene, då går arbeidet fortare. Men få då gjerne tak i litt glyfosat og smør på stammene når dei er kappa ned. Dette øydelegg fotosyntese-prosessen i planta og hindrar attvekst, oppmodar han.

– Heilt til slutt karar, er det eigentleg så farleg med denne sjukdommen på ein mispel her og der?

På spørsmålet er det nok ein gong Melbø som tek ordet:

– Ja, dette er ein alvorleg plantesjukdom som råkar frukt som til dømes pærer og eple. Den kan samanliknast med blautròte på potet. Det øydelegg frukt, gjer den heilt blaut, og den einaste kuren vi har mot sjukdomen på frukttre er antibiotika. Det vil vi ikkje bruke, då det fører til resistente bakteriar.

Arbeidet mot pærebrann-utbrotet held fram. Dei blir nok ikkje ferdige i år, det er sopass mykje attvekst frå plantene, men forhåpentlegvis skal dei klare å nedkjempe sjukdomen.