Det skriv Wideroe i ei pressemelding torsdag.
Kriterium for Årets Stasjon er prestasjonar innanfor flyselskapet sine hovudprioriteringar: sikkerheit, punktlegheit og service.
I vurderinga til flyselskapet er sikkerheit det aller viktigaste kriteriet som vert målt, og stasjonen forårsaka ingen skader på fly i året som gjekk.
- Flyhandtering er ein operasjon forbunde med strenge krav til sikkerheitsprosedyrar, og her utmerkar også stasjonen seg i forhold til etterleving og profesjonell framtreden. Stasjonen får også dei beste skussmål fra Widerøe sine pilotar og kabinpersonale, heiter det mellom anna i pressemeldinga.
- Vi merker det på atmosfæren når vi landar på Hovden. Respekt for kvarandre og eit fantastisk humør på alle saman. (sitat Widerøepilot)
Punktlegheit
Hovden leverte i 2018 ein god punktlegheit i forhold til stasjonen sine påverkbare årsaker, der heile 98,9% av alle avgangane vart handterte innanfor to minutt av planlagt avgangstidspunkt.
- Når vi ser på punktlegheit innanfor 15 minutt, så leverte stasjonen ein imponerende 99,8%-punktleghet, med kun fem forsinkingar som var lengre enn 15 minutt, heiter det i pressemeldinga.
- Eit anna parameter som er viktig for både kundetilfredsheit og økonomi, er uregelmessigheiter knytt til passasjerane sin bagasje. Stasjon Hovden forårsaka i snitt berre to uregelmessigheiter per 1000 avreiste passasjerar. Dette er ei halvering i talet sidan 2017. Stasjonen har i tillegg svært få førespurnadar frå kundar som har opplevd ein service frå stasjonen som er dårlegere enn venta.
Fakta
Avgangar 2018: 2271Antall passasjerar: 55.827Antall bakkeskader på fly: IngenStasjonspuntlegheit 2 min: 98,9%Stasjonspunktlegheit 15 min: 99,8%Antall bagasjeureglemessigheiter: 2,1 hendingar per 1000 avreiste passasjererHandling agent: Hovden FlyserviceStasjonssjef: Svein Arne Nupen
Årets stasjoner siste år2018 Ørsta Volda Hovden2017 Kristiansand2016 Hammerfest2015 Namsos2014 Bodø2013 Florø2012 Kristiansund