Det seier dagleg leiar i Herøy næringsforum, Geir Idar Kvalsvik, om at Næringsforumet no har gått til innkjøp av eit stort festival/partytelt. Med dimensjonar på 30 x 9 meter, totalt 270 kvadratmeter, er innkjøpet gjort med intensjon om å letne den økonomiske børa det er for folk i Herøy som ynskjer å stelle i stand arrangement.

– Det kan koste ein del å leige store festivaltelt. Vi ynskjer no å tilby lokale eldsjeler å låne ut eit modultelt nærast gratis. Det blir ein liten kostnad for frakt og oppsett, men det vil uansett blir veldig mykje billigare. Vi håpar med dette at fleire lag og frivillige organisasjonar kan tenke seg å skape liv, seier Kvalsvik.

No er det fritt fram for engasjerte sjeler å ta kontakt med næringsforumet, avsluttar Kvalsvik.