Kutt av kostnader vart tema då formannskapet møttest for fyrste gong i det nye året. Her kunne rådmannen opplyse at leiargruppa allereie har kome i gang med drøfting av aktuelle sparetiltak. Dette arbeidet starta dei på med det same 2019-budsjettet med sparepålegg blei vedteke rett før jul.

Same som Ulstein

– Vi har undersøkt kva andre kommunar har gjort av tiltak for å få ned driftskostnadene, og ønskjer å prøve det same som Ulstein.

Det sa rådmann Kopperstad, og la til at det blir opplevd som meir rettferdig når tiltaka blir tekne opp til samla vurdering i leiargruppa, der kvar sektor får møte og legge fram sine synspunkt.

Har spart dei fyrste kronene

Leiargruppa ser på mulegheiter for innsparing på alle område som stillingar, innkjøp, kursing og alle mulege tiltak som kan ta ned kommunen sine driftskostnader.

– Vi har allereie spart dei fyrste kronene med å gjere vedtak om å vente nokre månader med å erstatte ein planleggar som skal slutte, opplyse Kopperstad.

Det er vedteke at inga ledig stilling skal lysast ut før leiargruppa har gjort sine vurderingar av konsekvensane med at stillinga blir ståande ledig ei stund.

Må knipe der det er muleg

– Full innkjøpsstopp kan vi ikkje ta, men vi legg til grunn at det ikkje skal kjøpast meir enn nødvendig. Leiargruppa vil ta ein kritisk gjennomgang av kva som er nødvendig, og vi må knipe inn det vi greier, sa rådmannen.

Når det gjeld kurs og konferansar vil gruppa gjere ei grundig vurdering av kva som er nødvendig å sende folk på. Dette gjeld heile organisasjonen.

Vil inspirere

For å inspirere til sparing vil det bli gjort ei vurdering på om avdelingar skal få behalde ein del av pengane dei greier å spare inn, og at meirforbruk må inndekkast av avdelinga sjølv.

Ny legevaktmodell?

Kopperstad understreka vidare at stru kturelle innsparingar ikkje berre kan gjelde skule og barnehage. Difor har han mellom anna bede helse og omsorg sjå på om det kan gjerast endringar i legevaktordninga, der Herøy i dag sam-arbeider med Sande om legevakt i Myrvåg.

– Om vi i tillegg kan få med oss Ulstein og Hareid så vil det bli betre både vaktmessig og økonomis, sa rådmannen.

Sjølv om han såg føre seg den klassiske diskusjonen om kvar legevaktkontoret i så fall skal vere, meinte Kopperstad at spørsmålet i alle fall må utgreiast for å sjå om det er løyseleg.

Etter reaksjonane å døme er politikaran e godt fornøgde med spareprosessen som rådmannen har sett i gang.

Ordførar Tine Storøy såg på dei opplista tiltaka som heilt nødvendige og gav ros til administrasjonen får måten dei har teke tak i problematikken alt no.

Vi må slanke og bruke pengar, men samtidig vil vi ha maksimal tenesteyting. Desse tinga går ikkje heilt opp, så vi må berre prøve å få gjort det beste ut av det, kommenterte Ole Brubakk til sist.