I fjorten år hadde Petter posttenesta til Svinøya. Han drukna i 1928 då han kollsigla med båten sin ved Kvalen, ikkje langt frå Torvholmen. Anfinn, som hadde vore til sjøs, på ishavet og arbeidd i USA, hadde kome heim same året som faren døydde. Anfinn var då 24 år og eldstemann i syskenflokken.

Meininga var at Anfinn skulle reise ut i den store, vide verda igjen. Då faren omkom, hadde fem av syskena til Anfinn enno ikkje nådd konfirmasjonsalderen. Den yngste av dei fem var to år og den eldste fjorten. Anfinn såg at mora trong hjelp og valde derfor å slå seg ned på Torvholmen. Då Anna vart enkje, 44 år gammal, hadde ho mist fire barn og alle syskena sine – tre brør, som alle var yngre enn henne. Ein av dei, Gerhard (Rusten) Skorpen, budde på Skorpa og var gift med Signe Skorpen. Han omkom på sjøen i 1918.

Saman med broren Erling (Torvholm) tok Anfinn over postførarruta etter far sin. Dei nytta 30-fotingen «Gløgg», som faren hadde brukt i ruta. I 1931 kosta han og Erling ny og større båt, «Brødrene», som var på 36 fot og hadde ein Volda-motor på 14 hk. I sommarhalvåret gjorde dei turen annakvar veke og i vinterhalvåret éin gong i veka. Postføraren hadde mange andre oppgåver enn berre «tittelen» kan tyde på. Han frakta både folk, post, proviant, maskiner, reservedelar, olje og mykje anna.

Folket på Torvholmen var kjende for å vere flinke til å utnytte ressursane – både på sjø og land. Fisket var det viktigaste, men det var nødvendig å utnytte ressursane på land for å klare seg. Sjølv om dei små jordlappane var skrinne, var dei gode å ha, spesielt når fisket slo feil og det vart tronge tider. Berte og Anfinn hadde både sauer, kyr, høner og grisar. Det var Berte som hadde hovudansvaret for hus og heim og husdyra. Ho fekk god hjelp av barna – åtte i talet.

I 1939 vart det oppretta kontakt mellom Svinøy fyrstasjon og Ålesund Radio, som då kunne formidle meldingar vidare til postføraren. Før den tid var Svinøy-folket spesielt avhengige av postføraren. Avtalen var at dersom dei på Svinøya ville ha ut postføraren utanom dei faste tidene, skulle dei henge ein stor presenning på ei av bygningane. Det kunne vere snakk om at nokon hadde vorte sjuk eller at det hadde skjedd ei ulukke. I perioden frå 1905 til 1952 budde opptil tre familiar der samtidig.

Anfinn hadde plikt til dagleg å bruke kikerten og fylgje med om alt var som det skulle vere på Svinøya. Faren til Anfinn hadde i si tid laga i stand ein liten glugge på loftet i løda si på Torvholmen. Med jamne mellomrom brukte han å gå opp på lødeloftet og kikre mot Svinøya. I mange år gjorde Anfinn det på same måten som faren.

Anfinn fortalde om ein gong då han fekk auge på presenningen. Dei sette straks kursen mot Svinøya. Då dei kom fram, viste det seg at ei lita jente hadde vorte alvorleg sjuk. Vêret var så dårleg denne haustkvelden at einaste måten å få jenta om bord i båten på var å sende henne luftvegen frå Svinøya og ned i båten.

Ho vart surra fast på ei båre med eit langt tau i kvar ende, og på den måten greidde dei til slutt å få henne om bord. Faren ville vere med jenta. Anfinn og mannskapet hans brukte same opplegget for å få også faren trygt om bord. Men han var så tung at det enda med at han fall ned i det frodande havet då han var komen halvvegs. Dei greidde å fiske han opp. Det gjekk heldigvis bra med dei begge.

Anfinn og mannskapet hans var kjende for å halde båtane sine svært godt ved like. Som ung hadde Anfinn vore nokre år i USA, der han mellom anna hadde arbeidd om bord i eit par lystbåtar av høgaste standard. Då lærte han mangt og mykje om vedlikehald, og det kom til nytte seinare.

Sønene, Olav og Peter, som i mange år var med han som mannskap, hadde same ryddige stilen som faren. Det vert fortalt at ein gong hadde Olav pussa så godt rorhusglaset at Anfinn trudde glaset var ope då han skulle spytte ut skråa. Det gjekk ikkje så bra, men karane fekk seg iallfall ein god latter.

Anfinn Skorpen vart heidra med kongens fortenestemedalje og var i audiens hos kong Olav.

– Vi hadde ein triveleg prat om sjømannslivet. Kong Olav var sjølv ein sjøens mann og forstod seg godt på det arbeidet eg hadde drive med, fortalde Anfinn Skorpen.