Hareidslandet fastlandsselskap er like gammalt som Herøy bruselskap, der  bruene er bygde og nedbetalte for mange tiår sidan. Hareidslandets fastlandsselskap (opphavet til dagens HAFAST)   har alltid vore belemra med rivalisering og urealistiske planar, like eins Eiksund-tunellen. Det blir ikkje orden på dette sambandet før alle dei fire lokale bompengeselskapa på Søre Sunnmøre er samla i same selskapet. Då kan heile Sunnmøre samanbyggast til eitt rike, og det kan skje 100% kommersielt med null kroner frå Oslo og Staten.

Tre til fire år er realistisk byggetid med tunellentreprenørar som kan sine ting. Også på tre-fire år med bompengar via autopass, er det heile nedbetalt, og då er ferjebillettar og rutetider ein saga blott for å kome seg til Vigra flyplass og Ålesund. Frå Strandkrysset under Hareidslandet og Godøya, med to korte tunellar i land på Valderøya og Ålesund, vil det ta rundt ein 15 minuttars køyretur. Folk frå Ørsta/Volda, og frå ytre Herøy, brukar i dag ca. 20 minuttar til Strandkrysset. Dei frå Vanylven (Fiskå/Hakallestranda) og øyane i Sande får ca. 10 minutt lenger køyretur enn dei frå Ørsta/Volda og Fosnavågområdet.

Dei fire lokale bompengeselskapa blir eit så økonomisk solidt selskap at dei kan søkje sin største eigar, Sparebanken Møre, om eit pantelån på X antal milliardar kroner for å bygge den 5 km lange tunnelen frå synste Hakallestranda til Kvamsøya og vidare veg til øyas nordside. Derifrå må det byggast ein 3 kilometer lang og flat tunnel til Sande kyrkje. Vidare må vegen gå dei 6 kilometerane bort i Hidsneset. Alt sør om Gurskøya vil koste det doble av Eiksundtunellen (altså 1 milliard 2008-kroner, kanskje det doble med dagens lave kroneverdi).

Med dette er  Hareidlandet og Gurskøya/Herøy landfaste med Vanylven og øyane i Sande. I tillegg er vi landfaste via Eiksundtunellen også, som til og med konsulentar i Oslo på SSB seier er Norges mest samfunnsgagnlige prosjekt, sett på nytte og kostnad av offentlege pengar.

Når vi er komne til Strandkrysset i Ulstein kommune må FV61 gå inn i fjellet der og under Hareidslandet og Godøya, til Valderhaugsfjorden i ein tilnærma flat tunell (mellom 1 til 2 % stigning) under Godøya. To korte tunellar på 2-3 km kvar, den eine til Ålesund og den andre i land på Valderøya (for trafikk til Vigra og Digerneskrysset via Ellingsøya). Dermed blir det eit kvarter mellom Ulsteinvik og Ålesund, og kort tid for alle dei andre innbyggarane på Sunnmøre også.

Trafikken vil utvikle seg akkurat slik som i Eiksundtunnelen. Bompengeselskapet vil ta inn over 1,5 mrd. kroner i året bassert på dagens ferjetakstar som grunnlag for autopassavgifta. Den einaste plassen autopassavgifta bør innkasserast, er i tunellen under Godøya. Etter 3 til 4 år er heile tunellsystemet nedbetalt.

Pål Vedeld Djupvik