Volda kommune fekk overført om lag 70 millionar kroner frå staten for innsatsen sin med integrering av flyktningar i 2017. Til saman 54 flyktningar blei busette i Volda i fjor. Dette gjer Volda til IMDi sitt flaggskip på Søre Sunnmøre.

Berre fire i Herøy

I andre enden av skalaen finn vi Herøy kommune, som ikkje busette fleire enn fire flyktningar, og fekk eit samla tilskot på om lag 17 mill. kroner i 2017.

– Vi fekk ikkje spørsmål om å ta imot fleire, og det er hovudårsaka til at vi ikkje greidde å oppfylle busettingsvedtaket vårt for 2017, forklarar seksjonsleiar May Gunn Ertesvåg i Herøy kommune.

Utbetalinga til Herøy omfattar også dei ti som kommunne busette året før, og Herøy sitt tilskot er dermed eit par millionar kroner høgare enn talet på busette i 2017 faktisk skulle tilseie.

Trass i at det er få som sit i mottaka no, kjem Herøy til å ta imot fleire flyktningar i år enn i 2017. Dei fem fyrste skal busettast denne veka, og i tillegg har det vore nokre familiegjenforeiningar i 2018.

Integreringstilskotet skal dekke kommunane sine gjennomsnittlege meirutgifter til busetting og integrering av flyktningar. Tilskotet skal bidra til at flyktningane snarast råd kan forsørge seg sjølve og ta del i samfunnet.

Tilskotet blir gitt for dei fem fyrste åra flyktningane er busette i kommunen. For einslege vaksne startar tilskotet med 239.000 kroner det fyrste året, og blir trappa ned for kvart år som går. Tilskotet per person i familie startar på 187.000 kroner.

Om ein flyktning flyttar til ein annan kommune innafor femårsperioden, vil denne kommunen få tilskotet frå og med året etter.

Busetting av funksjonshemma utløyser eit ekstra tilskot, på same måte som einslege mindreårige gjer. Også tilskot til norskopplæring av vaksne kjem i tillegg til sjølve integreringstilskotet.

«God butikk», eller?

Det blir i ulike samanhengar hevda at busetting og integrering av flyktningar er «god butikk for kommunane».

– For dei fem fyrste åra er svaret kanskje ja, men korleis ein kjem ut over tid vil det vere svært vanskeleg å spekulere i.

Det seier Nina Kvalen, som er spesialrådgjevar på flyktningområdet i Volda.

Kvalen viser til at integreringstilskotet er meint for å dekke kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til busetting og integrering av flykt- ningar dei fem første åra. Ei kartlegging i 2016 viser at kommunane fekk dekt 90 prosent av sine utgifter gjennom integreringstilskotet dette året.

– Her vil det vere variasjonar frå kommune til kommune. Nokon eige flyktningrekneskap opererer ikkje Volda kommune med, seier Kvalen..

Opplæring og arbeid

Stikkord for det gode resultat i Volda er ifylgje Kvalen: Godt arbeid med framskaffing av bustader, god grunnleggjande norskopplæring og kvalifisering mot målet om overgang til utdanning og arbeid.

Kvalen trur mykje av årsaka til dei gode resultat i Volda er å finne i kommunen sin innsats med tett oppfølging, god norskopplæring og praksis i lokalt næringsliv, samt individuell tilrettelagt opplæring og kvalifisering. Kommunen har no vel 50 deltakarar i introduksjonsprogrammet, medan det totalt var 95 deltakarar i programmet i 2017.

Så mykje mottok kommunane på Søre Sunnmøre i integreringstilskot i 2017 rangert etter beløp (mill. kroner) : Volda 70, Ulstein 39,3, Ørsta 37,5, Hareid 18,8, Vanylven 18, Herøy 17,2 og Sande 8,4. Tala er henta frå IMDi sin årsstatistikk