Den nye KS2-rapporten som er levert av Atkins Norge og Oslo Economics vert rett nok rekna som ein uavhengig rapport. Men det er grunn til å sjå på oppgåva dei har fått frå styresmaktene si side, der konsulentselskapa har fått beskjed om å ikkje rekne på ei rekkje viktige faktorar for skipstunnelen.

– Den nye rapporten har ei litt anna tilnærming til prosjektet og føresetnadene, seier ein diplomatisk prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket til Teknisk Ukeblad.

Andreassen sine ord er ein tydeleg «understatement».

Ordførarane på søre luten har levert ei grundig underbygt fråsegn til den nyaste rapporten. Om KS2 slaktar Stad skipstunnel, er ordførarfråsegna ein endå grundigare slakt av KS2.

Viktige positive nytteeffektar som verdien av overført trafikk frå veg til sjø, auka tryggleik, positiv effekt for fiskerinæringa og innføring av snøggbåt vert trekte fram som viktige manglar i rapporten.

Sist, men ikkje minst: Stad skipstunnel i rolla som turistmagnet vil gje enormt store ringverknader, og kjem garantert til å generere auka turisme frå inn- og utland. Med Stad skipstunnel på plass knyter ein dessutan saman småbåttrafikken langs kysten, der Stad alltid har vore ein naturleg barriere.

Innan turisme vil ein med skipstunnelen på plass dessutan sjå «indrefileten» på Sunnmøre og i Nordfjord i ein heilt annan og ihopknytt samanheng enn i dag.

No vil alle med spenning sjå fram til kva som vert resultatet av Stortinget si behandling av Stad skipstunnel.

Endre Vorren