Det er lov å stille spørsmål om mange av dei som snakkar og snakkar, som har grunnleggande kunnskap om havet?

Er dette berre blitt ein snakkis, som alle må innom når dei likevel har ordet?

Faren med å stille slike kritiske spørsmål, er at ein kan bli kalla bakstrevar eller museumsvaktar. Det er som regel det som skjer når nokon prøver å bremse litt halleluja-stemninga. Du blir stempla i panna, og kasta til ulvane.

Men visjonen om å skape meir verdiar frå havet, er veldig positiv. Men vi må bli meir konkrete, og vere villige til å stille store økonomiske ressursar bak visjonen, elles blir historia om havromet historia om tomromet.

Når visjonar skal realiserast hentar vi ofte fram månelandinga, som eit døme på noko stort som lukkast.

Det var 1. januar 2007 og Jens Stoltenberg heldt sin nyttårstale som statsminister. Stoltenberg lanserte sin symbolske «månelanding». Den skulle skje på gasskraftverket på Mongstad, som skulle ha full reinsing av klimagassen CO2. «Dette er eit stort prosjekt for landet. Det er vår månelanding», sa Stoltenberg. Historia kjenner vi, milliardane rann ut, men regjeringa stod ikkje løpet ut, og Jens Stoltenberg krasjlanda.

Både han og vi har nemleg lett for å gløyme noko særs viktig som John. F. Kennedy sa, då han lanserte sin visjonen om månelandinga.

Det skjedde i 1961, og Kennedy sa blant anna: «Om vi bestemmer oss for å gå berre halve løpet, eller senke krava på grunn av vanskar, vil det vere betre å ikkje dra i det heile tatt». Vel åtte år seinare var månelandinga ein realitet, og det vart sett inn enorme ressursar for å få det til.

Skal vi hente meir verdiar frå havet, må vi prøve å konkretisere kva det vi leitar etter, eller ynskjer og finne ut. Når vi har ein slags plan på det, må vi satse tungt med forsking og utvikling. Å strø ut nokre få millionar her, og nokre få millionar der, vil mest sannsynleg sende oss berre halve vegen, og ikkje heile vegen. Vi er flinke med fine ord, men vi er kjipe når orda skal finansierast.

Vi må også ta innover oss at bruken av havet må regulerast.

«Min båt er så liten og havet så stort» song vi på søndagsskulen og vi trudde at havet var uendeleg stort. Det er for så vidt rett, havet dekker 70 prosent av jordas overflate. Men det mange har gått glipp av er at 80 prosent av havet er djupare enn 3000 meter.

Dei ca. 20 prosent som er att, kan vi kalle sokkel, og i dag er det her all næringsverksemd går føre seg. Fiskarlaget var ofte i diskusjon med styresmaktene om sameksistens med oljeindustrien.

Mange gongar sat eg med ei kjensle av at politikarane ikkje såg føre seg at det kunne bli konfliktar når havet er så stort. Men det er på havet som på land, når to verksemder vil vere på akkurat same plass, må nokon vike.

Blant anna blir det store problem dersom ein plasserer ein vindmøllepark på sokkelen. Den vil ikkje berre ta enormt med plass, men det må også etablerast store tryggingssoner. Men det er det som er svaret når vindmøller blir diskutert; Få dei ut i havet så vi slepp å sjå dei, mange vil ha vindkraft, men ingen vil sjå vindmøllene. Når vi skal utforske moglegheitene i havet må vi ta høgde for moglege arealkonfliktar.

Eg har brukt litt tid på å gå gjennom diverse utspel om havromet, og nokre snakkar til og med om å erobre havromet. Blant andre sa Jonas Gahr Støre det for ei tid tilbake. Eg legg difor med eit kart over Nordsjøen. Symbola er AIS-data som viser båtar eller installasjonar, kartet er frå 27. mai i år.

Det ser faktisk ut som om nokon allereie har erobra havet.

Ha ein romsleg fredag.