Som allereie meldt i Vestlandsnytt har Sigurd Teige valt å droppe den planlagde storsatsinga si på Mjølstaneset. Teige hadde planlagt å etablere eit pelagisk fiskemottak. Det planlagde fiskemottaket var ein vesentleg del av kaisatsinga på Mjølstaneset. I kommunestyrets budsjettmøte 6. desember blei det vedteke ei løyving på 21 millionar kroner til prosjektet. Bjarne Kvalsvik og hans partikollegaer i Folkelista/Sp ønska derimot å flytte pengane til ei satsing på næringsareal i Myrvåg. Forslaget blei nedstemt, då kaiene blei sett på som viktigare. Det Kvalsvik no reagerer på er at informasjonen frå Teige ikkje blei lagt fram under det aktuelle kommunestyremøtet.

– Teige sitt prosjekt var det største, og det blir derfor heilt meiningslaust å sette av 21 millionar til prosjektet no. Det står fram som eit graverande tillitsbrot av rådmannen som ikkje opplyser kommunestyret om den nye informasjonen. Vi må kunne stole på at han gjer si plikt, som er å halde oss orientert, meiner Kvalsvik.

Visste det på førehand

I ein e-post som Kvalsvik har fått tilgang til, og som han har delt med Vestlandsnytt, kan ein nemleg lese at Sigurd Teige allereie den 29. november varsla om at han skrinlegg planane på Mjølstaneset. Ei veke i forkant av kommunestyremøtet. E-posten var send til rådmann Olaus-Jon Kopperstad, ordførar Arnulf Goksøyr og dåverande kommunalsjef for samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller.

– Eg kritiserer ikkje ordføraren som nok vil spele politikk på det, men rådmannen har ei plikt om å opplyse om denne type forhold, seier Kvalsvik.

– Må sjekke postlista

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad meiner informasjonen har vore tilgjengeleg.

– Til dette vil eg svare at Bjarne må sjekke postlista. All korrespondanse på mail av denne typen er å finne der. Dessutan oppfatta eg det slik på ordføraren at vi ikkje skulle diskutere kaiene på dette møtet, seier Kopperstad.

Ordførar Arnulf Goksøyr bekreftar rådmannens utsegn.

– Vi skulle ikkje snakke om kaiene på dette møtet. Og når det gjeld slike strategiske grunnkjøp som Bjarne vil gjere, so sa eg då verkeleg på det same møtet at vi har sett av 17 millionar til den type formål i ein annan pott. Om vi skal bruke dei i Myrvågane eller ein annan stad, er derimot eit anna spørsmål, seier Goksøyr. Han legg til at han har ein plan for Mjølstaneset. (sjå undersak, red. mrk)

– Ikkje bra nok

Bjarne Kvalsvik er ikkje imponert over svara.

– Det er ei dårleg orsaking. Politikarar les ikkje postlista, vi skal ha slike saker framlagt, meiner Kvalsvik.

Han ser også alvorleg på Arnulf Goksøyr sine «skjulte pengar».

– Det er pengar vi ikkje visste om i forkant av møtet. Det blir veldig vanskeleg å drive politikk når slike opplysingar ikkje kjem fram, seier Kvalsvik.

Akkurat der er Goksøyr delvis einig.

– Vi burde nok ha lagt fram eit dokument som viser at vi har pengar tilgjengeleg til strategisk grunnkjøp, seier ordføraren.

– Burde fokusere meir på Leine–Voldsund

Ordførar Goksøyr vil også stille Kvalsvik eit kritisk spørsmål.

– Eg undrar meg på kvifor Kvalsvik ikkje har gjort meir for Leine–Voldsund i fylkesutvalet. Han har vore med på å sende prosjektet nedover på prioriteringslista, meiner Goksøyr.

– Eg kan love at eg har kjempa for at det ikkje skal dette nedover, men eg har blitt nedstemt av blant anna Høgre. Samtidig skal eg innrømme at Leine–Voldsund ikkje er det eg har jobba mest med, då eg har prioritert Skarabakken og undergangen på Frøystad. Det er avgrensa kor mange prosjekt i Herøy ein kan få til på ein gong, seier Kvalsvik og ber ordføraren sjekke protokollane som viser kva han har gjort.