Hovding Øystein sa seg stolt av å bu på Larsnes og av å høyre heime i ein kultur for samarbeid, dugnad og fellesskap.

– Når vi no er samla på denne flotte Landsbystranda til midtsommarfeiring, er det mange som fortener ei takk. Alle aktørar i Sumarsamkoma gjer ein heilhjarta jobb for felles glede og felles oppleving. Slik vart også Landsbystranda realisert – ved at mange gjorde mykje – til det beste for alle, sa landsbyhovdingen.

Trekte fram tre

– Eg vil ha opp tre av dei som har vore styringsgruppe for gjennomføringa av prosjektet: Elisabeth Haugen (dotter til Einar Haugen), Trond Torset og Kjell Martin Vikene. Desse tre har styrt prosessen med det konkrete arbeidet, dugnader og meir til.

– Men det er likevel ein person som stod fram blant alle hine i forhold til det å gjere stranda til ein realitet. Det var han Einar Haugen: Han handla medan vi andre prata og han samla eigenhendig inn kr 256.477 til formålet – pengar som Landsbyen Larsnes vart fortrudde å disponere til formålet.

– Einar tok krangelen med ordførar og varaordførar som vi andre kunne ha lyst til, men ikkje gjorde. Han var ein Larsnes-patriot som bidrog til at Larsnes har vore – og er – ein god plass å bu.

– Det er først og fremst Einar si ære at badestranda har vorte ein realitet. Og som ei symbolsk takk vil vi i dag heidre Einar med å avduke ei minneplate – ei handling som samstundes markerer den offisielle opninga av Landsbystranda. Eg vil be Harald (son til Einar) om å stå for sjølve avdukinga.

Landsbystranda

Deretter fekk Gro Haugen (kona til Einar) ein fin blomebukett frå landsbyhovdingen. Og med det var Landsbystranda offisielt opna. Trond Torset orienterte litt om arbeidet som har vorte gjort, og kva det elles er planar om vidare.

Einar Haugen, som gjekk bort for ei tid sidan, dreiv tidlegare fargehandel-butikk på Larsnes. Han var ein aktiv person i mange samanhengar. Til dagleg var han kjend som ein sprudlande og humørfylt person. Utan tvil er han i dag eit stort sakn for bygda.

Einar var også ein flink songar og god skodespelar. Dei som er komne litt opp i åra hugsar han godt frå glimrande revy-førestillingar som Elvis Presley og i andre roller. Den fine Landsbystranda er eit varande minne om han.