– Kva er det de gjer her i dag? spør Vestlandsnytt vesle Maria Monsen Lystad.
– Du har jo sett det, så kvifor skal eg seie det, spør ho undrande tilbake.
Og Maria hadde eit poeng, for tysdag var det ei visuell og fargerik opning i Sirlihaugen barnehage då barnehagebarna og dei tilsette inviterte til innviing av den nye leikeplassen som endeleg står ferdig.
Barnehageborna hadde førebudd eit program på over ein time med underhaldning. Fyrst song alle barna i kor til låtar frå Kardemommeby. Deretter fekk vi høyre rosarussane spele minitrompet. To av borna klippa så snora og erklærte leikeplassen for opna.
Etter dei hadde klippa snora blei resten av programmet gjort innandørs då vêret ikkje spelte på lag. Inne hadde ungane og barnehageassistentane teaterframsyning.
– Eg likar alt eigentleg
Vi spurde nokre av barna kva dei synest om den nye leike plassen.
– Eg synest leikeplassen er kul fordi den har borg og snurrebass, sa Lily Bakke-Kvalsvik.
– Eg likar, borga, karusellen, båten og ... alt eigentleg. Men borga er best for der kan eg sile meg, sa Maria Lystad.
–Veldig fornøgd
Både dagleg leiar Bodil Kvalsund, og styreleiar i barnehagen, Linn Therese Sævik, er begge svært nøgde med den nye uteplassen.
– Leikeplassen har vore i sving sidan mai, og ungane har leika seg utruleg fint i den. Det er bra vi har fått på plass eit nytt underlag med kunstgras som gjer den mjukare, og det blir mindre rot. Samtidig ser vi at vår tanke om å skape ein leikeplass, som gir både fysisk og mental leik, fungerer. Vi ser at barna driv mykje rollespel, noko eg meiner er viktig for å utvikle fantasien deira, seier Kvalsund, nøgd.
Prosessen med uteområdet starta hausten 2016, men sjølve arbeidet kom ikkje igang før i desember 2017. Prislappen kom på kring 2 mill. kroner.
– Vi er veldig glade for å endeleg få på plass denne leikeplassen for den har vi venta på ganske lenge, seier Sævik.