Han fekk torsdag tildelt «Gardesjefens hederskniv» for sin innsats i Hans Majestet Kongens Garde. Det er ei høgthengande utmerking.

Kleppe tok imot prisen framfor 300 medsoldatar. Gardesjefen, oberstløytnant Geir Pettersen, overrekte prisen. Han sparte ikkje på god-orda:

– Sersjant Kleppe har over tid utvist initiativ, besluttsomheit, situasjons- og heilheitsforståing som overgår det som er forventa, spesielt innafor skarpe operasjonar. Han har vore ein ivrig pådrivar for å forbetre utførelsen av det operative vakthaldet av dei kongelege residensar, gjennom gode anbefalingar samt kontinuerleg dialog med leiinga.

– Han er løsyingsorientert og utviser svært god heilheitsforståing, blant anna gjennom å vere pro-aktiv og tenke to steg fram når det kjem til aktivitetar og hendingar som kan påverke vakt- og beredskapsoppdraget, heiter det også.

Forsvaret rosar også Svein Terje for solide haldningar, og reknar han som ein svært god rollemodell for gardistar og befal. Han vert omtala som sosial og omgjengeleg, og godt likt i heile kompaniet.

Overveldande!

Til Vestlandsnytt seier Svein Terje at tildelinga kom som ei kjempestor, positiv overrasking på han.

– Det er heilt overveldande. Eg skal snarast skaffe meg eit monter til å plassere kniven i, seier 24-åringen.

Han stadfestar at han er svært dedikert til jobben i Garden og Forsvaret, og legg til:

– Og så er det også ein svært viktig jobb!

Vi gratulerer med utmerkinga!