Ottar-Jarle Solli har blitt heidra med medalje for lang og tru teneste og gullklokke under ei nyttårssamling på Thon Hotel Fosnavåg i regi av Teigenes Holding AS. Han har jobba om bord Teigenes i 31 år. Terje Teige tok denne veka kontakt, og nytta høvet til å takke den dyktige skipperen.
– Ottar-Jarle er ein kjempeflink kar. Sjølv om han nærmar seg 70, så håper vi at han vil halde på nokre år til. Han er eit forbilde for oss yngre og står på frå dag til kveld. Det er ei fryd å jobbe med han, seier Teige.
Vi har også ringt om bord i Teigenes tidlegare veka for å få ein kort kommentar med heiderspersonen sjølv.
– Eg set stor pris på dette. Teigenes er ein fin arbeidsplass. Eg trivast veldig godt om bord og eg hadde ikkje jobba her so lenge hadde det ikkje vore for det, sa Solli over telefonen, godt på veg med Teigenes for å for å levere sild.