Fosnavåg-reiarlaget fekk i 2017 eit driftsresultat på 78,3 millionar kroner før avskrivingar, og minus 249,3 millionar kroner etter avskrivingar. Særleg fjerde kvartal var krevjande, skriv selskapet i ei pressemelding.

Refinansieringa av selskapet gjorde at året kom ut med 452,3 millionar kroner i pluss.

Adm.dir. Njål Sævik er fornøgd med at dei fekk på plass ei solid refinansiering i løpet av 2017, noko som betyr at selskapet skal stå rusta til å møte ein krevjande marknad også i åra som kjem.

-Budde på krevjande kvartal

-Som dei fleste andre offshorereiarlaga var vi budde på at særleg fjerde kvartal skulle bli krevjande. Det slo til, også for oss, men heldigvis ser vi no litt meir aktivitet i marknadene for dei månadene vi har framfor oss, seier Sævik.

Havila Shipping selde fire skip i løpet av 2017, og har ytterlegare tre plattform supplyskip for sal i 2018. Dei fleste aktive supplyskipa har kontraktar som varer lengre enn 2018, medan dei to største subsea-fartøya har kontraktar til midten av 2020 og 2023.

Manar til måtehald

Dei fleste i offshore-bransjen meiner å sjå større aktivitet framover. Det meiner også Havila-sjefen, men han ser også at fleire skip vil bli tekne ut av bøyene som følgje av aktivitetsauken. Dermed er det liten grunn til å tru at auka aktivitet vil påverke ratenivået i positiv lei.

-Eg håper vi kan greie å vise «måtehald», og at vi ikkje øydelegg for oss sjølve. Blir vi for ivrige og sender mange nye skip inn i konkurransen, veit vi at ratane vil halde fram med å vere låge. Mitt håp er difor at vi kan greie å unngå eit «frislepp», understrekar Havila-sjefen.

Nøkkeltal

Nøkkeltala for fjerde kvartal viser totale inntekter på 139 millionar kroner i fjerde kvartal, mot 245 millionar kroner tilsvarande periode i fjor. Resultatet før skatt blei på minus 143 millionar kroner, mot minus 1.084 mill. kroner fjerde kvartal i fjor.

Samla inntekter for heile året blei på 594,8 millionar kroner, mot 1.093,7 mill. kroner i 2017. Årsresultatet før skatt blei på 442,6 millionar kroner, mot minus 1.196 mill. kroner i 2016.

Havila Shipping ASA hadde ved årsskiftet ei samla gjeld på 4,3 milliardar kroner.