Koret har markert seg sterkt i kormiljøet på Sunnmøre, dei har delteke både i NRK og TV2, dei fekk Premio Speziale for uvanleg fin ensemblesong under ein korfestival i Italia, og dei skal syngje saman med Grimstadkoret under ei messe i Peterskyrkja til sommaren.

Breitt spekter

I dag, i sitt femtiande år, har koret sju mannsstemmer saman med ei kvinne, og fleire av songarane har dirigenterfaring frå andre kor. Dei syng romantisk kormusikk, nyare norsk og nordisk musikk, kyrkjemusikk, Johan H. Grimstad, Bellmann og Beatles.

Kaldhol, Johnsen og Leinebø

Søndag kveld blir det altså høve til å få ei stor korsongoppleving under kveldsmessa, attåt samtalen mellom Renathe Rossi Kaldhol og Jens Terje Johnsen. Det blir appell ved Bjørn Leinebø, god salmesong, nattverd og kyrkjekaffi.