– For ti år sidan vart ein revmatisk sjukdom eg har, forverra. Det førte til at eg var nøydd til å slutte i arbeidslivet, noko som var svært tøft for meg. Eg ville mest halde fram i jobben min. Men då dette ikkje let seg gjere, fann eg trøyst og føde for arbeidslysta i hobbyen min.
Slik forklarar Linda Djupvik for oss korleis ho etter kvart gjekk frå å vere ein hobby kunstnar, til å ha blitt ein aktiv kunst målar nærast på heiltid.
– Eg innsåg at det eg i utgangspunktet gjorde for å glede meg sjølv i kvardagen, kunne vere til glede og inspirasjon også for andre. Det var etter kvart då eg tok meg kurs med Nydalen Kunstskule, ein plass eg dei siste åra også har hatt atelier-plass.
Etter dette har det balla på seg for Linda, som opphavleg kjem frå Djupvik i Herøy, og som også har budd i Gursken før ho flytta herifrå i 1990.
Ny utstilling – kjem heim?
– 2017 hadde eg mi fyrste separatutstilling, ved Deichman Torshov. Eg har også hatt «Månadens bilde» der gjennom Torshov kunst- og kulturforeining, forklarar Djupvik.
Og no i januar er målaren aktuell med si separatutstilling nummer to. Denne gongen like i nabolaget der ho bur på Årvoll i Oslo.
– Her har vore ganske mange innom, noko eg synest er veldig stas. På opningsdagen var her 49 besøkande og sidan har der det vore jamt med publikum, spesielt på søndagar.
Utstillinga har fått namnet «Liv i sikte», kalla opp av eit av dei 14 bileta som ho stiller ut. Utstillinga er etter planen ferdig mot slutten av januar, men Djupvik har no ambisjonar og eit ynskje som truleg gler kunstentusiastar på Sunnmøre. Linda lurer nemleg på å ta turen heimover mot Sunnmøre og stille ut måleria også her.
– Det hadde vore veldig kjekt. Eg har fått fleire førespurnadar frå venner og kjende. Eg ser no på moglegheitene for eit lokale, men der er litt logistikkutfordringar, så ingen ting er sikkert enno, forklarar Djupvik.
Målar intuitivt
Om bileta og stilen sin, fortel Djupvik at ho målar intuitivt.
– Det vil seie at eg slepper underbevisstheita til. Eg har aldri noko plan med kva eg målar. Det blir på eit vis til i det eg set i gang. Bileta mine er historier basert på kjensler, og kan ofte reflektere den sinnsstemninga eg er i når eg målar.
Ho fortel at kunsten gjerne også kan omtalast som halvabstrakt.
– Det bilete betyr for meg, treng nødvendigvis ikkje bety dey same for andre.
Som eit døme nemner ho eit av bileta i utstillinga si med tittel «Sweet Mama».
– Personleg ser eg ei dame når eg studerer dette biletet, men eg har også høyrt at mange heller ser ein hund. Kva ser du, spør Djupvik.
Ho forklarar at det er desse tolkingsmoglegheitene som interesserer ho med kunsten.
– Det er veldig spennande å observere korleis folk tolkar kunsten.