Utanom Alliansen Seaweed og altså Tango Seaweed, er BagID frå Ålesund/Oslo og AgroMare Bio frå Ålesund med i finalen.

No skal dei tre finalistane få utvikla kvar sin promoteringsfilm, dei skal delta i ulike arbeidsgrupper og få rådgjeving i digital kommunikasjon.

Alle dei ti semifinalistane får tre månaders inkubatorplass. Mellom desse er Are Pilskog og Fostech AS, begge selskapa frå Herøy. Herøy har markert seg svært fordelaktig heilt frå då «Næringsteft» vart lansert i fjor.

Finalen er 8. mars. Vinnaren får ein million kroner frå Sparebanken Møre.