– Det var nokre dagar inn i nyåret eg oppdaga luka som låg nede i fjøra her. Eg fekk luka til gards og tenkte ikkje så mykje meir på det, før svigerfaren min sa at dette burde koplast opp mot eventuelle ulukker til sjøs. Spesielt tenkte han på båten som gjekk frå Kalvåg og skulle til Stord i byrjinga av november, seier Follestad til Vestlandsnytt.

Veteranbåten på 33 fot la ut frå Kalvåg torsdag 2. november, med den nye eigaren om bord. Han sette då kursen for Stord. Ein stad på ferda gjekk det truleg frykteleg gale, og sidan har ingen sett verken båt eller eigar.

To romluker på same øya

Luka Follestad fann, er om lag 165 x 180 cm, av glasfiber og relativt tung. Ho kan sjå ut til å vere ein del av to luker, etter det Follestad ser.

I ei anna vik på nordvestsida av Sandsøya er det gjort funn av ei liknande luke.

– Eg velta ho litt lenger fram på land, også det var nokre dagar inn i nyåret, seier turgåar Arnvald Bringsvor. Han seier det er ei liknande luke som den Follestad har funne.

Follestad sin svigerfar, Erling Strømsnes, tenkte straks på den gamle skyssbåten «Fram» då han såg luka:

– Det må i alle fall undersøkjast. «Fram» høyrde heime på Hakallestranda og var ein skyss- og transportbåt som «Magge» Molvik dreiv, seier Strømsnes. Han kan fortelje at båten mellom anna var nytta til frakt av mjølk frå meieriet i Syvde til hermetikkfabrikken på Toftesundholmen.

Molvik: – Har venta på funn

Vi har snakka med son til Mathias «Magge» Molvik, Karsten.

– Eg har sjølvsagt fått med meg at det er gamlebåten «vår» som er sakna. Er det slik at delane av han tek til å dukke opp her i området, så må det vere noko i myten om at det er sjel i båtane, seier Karsten Molvik til Vestlandsnytt.

– Dei såg han sør for Askvoll, men ikkje lenger enn det. Ein kan frykte at båten har gått rundt, raskt. Eg har i grunnen venta på om det blir gjort funn som kan skrive seg frå denne båten, seier Molvik.

Han seier kryssaren var tinga frå Bjørkedalen i si tid, og at faren dreiv han i mange år, delvis også saman med sønene.

Molvik fortel at Edvin Bergsnev, Hakallestranda-ættling busett i Kristiansund, tok over båten seinare. Så var «Fram» i eige hos ei båtforeining i Egersund før han gjekk til Os utanfor Bergen, og deretter hamna i Kalvågen.

Terje Follestad veit ikkje omden store romluka stammar frå den sakna båten.

– Uansett er dette så store gjenstandar at dei kjem frå ei eller anna form for uhell. Det hadde vore greitt å finne ut kvar to slike luker som kjem drivande sjøvegen, kjem ifrå, seier han.

Trur ikkje det er frå «Fram»

Vestlandsnytt har vore i kontakt med faren til den unge mannen i Kalvåg som eigde og pussa opp båten før han vart selt. Når vi forklarar korleis luka som er funnen på Sands- øya ser ut, meiner faren å vite at det var ei langt mindre dekksluke på «Fram». Heilt sikker er han likevel ikkje.

Sonen hans var i går oppteken på skule og ikkje tilgjengeleg. Faren ville heller ikkje oppgi telefonnummeret hans, då det har vore mykje trykk frå media etter at «Fram» forsvann nærast sporlaust.

Eit spørsmål er på bakgrunn av dei siste opplysingane om luka – eller lukene – på Sandsøya kan stamme frå andre forlis, og det finst døme på slike heilt opp i nyare tid. At dette er romluker frå båtar, er dei fleste samde om.

Sakna båt: Kryssaren «Fram» gjekk i mange år som skyss- og fraktebåt i Sande, med Mathias Molvik som eigar og skipper. Kan luka stamme frå denne båten? Foto: illustrasjonsfoto
nordvestlandskysten: Havstraumane går ofte slik at vrakgods frå sør kjem inn mot Sunnmøre etter passering av Stad. Foto: googlemaps