Mykje av årsaka ligg i geografien, med øyar, lange og breie fjordar. Fylket er oppstykka og delt opp, og folk ynskjer naturleg nok nærleik – innan rimelegheita sine grenser – til skular, sjukehus og andre viktige funksjonar.

Det er lett å peike på at realiseringa av det nye fellessjukehuset i Nordmøre/Romsdal er ei årsak til dei vanvettige innsparingskrava som ligg på bordet, og som trugar mellom anna Mork Rehabiliteringssenter. Men helseøkonomien var på ville vegar også før nybygget var aktuelt. Om nokre år vil det truleg kome krav om meir omfattande rehabilitering/nybygging av det snart femti år gamle Ålesund sjukehus. Det skulle berre mangle.

Liknande har vi sett innan fylkeskommunal økonomi. Nokre meiner Nordøyvegen er den stygge ulven som gjer at andre tenester og satsingar kjem til å lide i årevis, utan fornying, med nye nedleggingsforslag liggande rundt neste sving.

Faktum er uansett at vi treng funksjonelle sjukehus. Vi treng vidaregåande skular. Vi treng trafikksikre vegar. Bruer må erstattast før dei dett ned. Det trengst også nye ferjer og fleire fastlandssamband.

Alternativet er ytterlegare sentralisering. Statleg underfinansiering av viktige funksjonar ligg der som ei klam, seigpinande hand, styrt frå hovudstaden. Nokon trur kanskje alt løyser seg berre folk flyttar til dei større byane. Men då gløymer ein at Norge stoppar opp. Midt i all verdiskapinga vår fortener vi langt, langt meir enn å bli avfeia med overhengande og stadige skremsler om helsekutt, vegkutt og skulekutt.

Var det nokon som sa verdas rikaste land?