Slik forklarar Bård Ottesen bakgrunnen for at han er i ferd med å kjøpe ut vanylvingane sin eigarandel i elektrobedrifta Proton As på Mjølstaneset.

Fokus på ytre

Geir Kviebakk og Frode Slagnes har eigd 75 prosent av selskapet, medan tre av dei tilsette har hatt hand om resten. Som ein konsekvens av kjøpet vil også Proton sin aktivitet i Vanylven bli tona ned og konsentrert om det ytre området av Søre Sunnmøre.

Kjøpet blir gjort gjennom Ottesen sitt heileigde selskap Brekon As, som igjen eig 50 prosent av RS-Systems. Også denne bedrifta held til på Mjølstaneset og produserer utstyr som mellom anna fortel kor mykje olje og gass det er i eit reservoar. Mange av dei store internasjonale oljeselskapa er herøybedrifta sine kundar.

Viktig å produsere lokalt

– Om dette utstyret skal kunne produserast i Norge, og her på Mjølstaneset, er vi avhengige av den kompetansen som Proton sit med. For RS-System er det heilt avgjerande å ha dei med på laget, forklarar Ottesen.

Lokal produksjon er ein av Ottesen sine viktigaste kjepphestar, og for han står utvikling av lokal kompetanse difor heilt sentralt.

RS-System, som blei Gaselle-vinnar i Møre og Romsdal i fjor, har heilt sidan starten nytta seg av Proton sine tenester på elektroområdet.

– Vi ser synergiar av oppkjøpet i framtida, men det skal ikkje gå ut over Proton sine andre aktivitetar på bygg og anlegg, understrekar Ottesen.

Ein del av dei nyinnkjøpte aksjane skal etter planen overtakast av dei tilsette slik at Ottesen sjølv sit igjen med i overkant av femti prosent. Karl Johan Rødset, Rolleiv Roksvåg og Margaret Løvøy eig frå før 25 prosent av Proton.

På veg oppover

Dagleg leiar Karl Johan Rødset fortel at Proton har hatt ei tung tid etter at dei maritime kundane på elektrotavler flagga ut ein etter ein. Ein viss tavleproduksjon er framleis igjen, men hovuaktiviteten er no landbasert installasjonar på bygg, anlegg og bustader.

– No er vi på full fart opp igjen og vi tek stadig nye marknadsandelar, fortel Rødset.

Proton har i dag 10 tilsette og ei omsetning på 11-12 millionar kroner. Rødset forventar fin omsetningsauke framover.

MJØLSTANESET: Proton blei etablert då Alfred Nesset As i Ålesund selde seg ut for nokre år sidan. Foto: Jann Flatval