No har Hareid rykka opp på arbeidsløysetoppen etter at talet på ledige i Herøy gjekk ned med 49 siste månaden.
Ola Gausland i NAV Møre og Romsdal kan ikkje gi noko god forklaring på den store nedgangen i mai, men peikar på at i april auka talet på ledige i Herøy nesten like mykje som det har gått ned i mai.
-Ser ein på mars til mai under eitt så er det eigentleg ganske normalt, seier Gausland.
I april var auken ekstra stor mellom kvinner, og Gausland trur difor at svingingane kan ha med permitteringar i fiskeindustrien å gjere.
Framleis høgt i Herøy
Med 197 heilt ledige ligg Herøy framleis høgt i arbeidsløyse samanlikna med resten av fylket. 197 ledige tilsvarar 4,2 prosent av arbeidsstyrken, medan snitten for fylket er 2,2 prosent. Berre Hareid ligg høgare enn Herøy med sine 4,5 prosent.
Ørsta ligg nøyaktig på fylkesgjennomsnitten, medan det for dei andre kommunane på Søre ser slik ut: Vanylven 1,2 prosent, Volda 1,6 prosent, Sande 2,5 prosent og Ulstein 3,2 prosent.
Herøy er åleine om å ha fleire arbeidsledige (19) no enn for eit år sidan.
Med 2,2 prosent ligg Møre og Romsdal heilt likt med landgjennomsnitten i arbeidsløyse. Best ut kjem Sogn og Fjordane med berre 1,3 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid.
Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi i Rindal med 0,6 prosent. Også Smøla og Norddal ligg under ein prosent ved utgangen av mai.
Vanskeleg å rektruttere
Fylkesdirektør Stein Veland konstaterer at den samanhengande nedgangen i arbeidsløysa sidan januar 2017 held fram, og Møre og Romsdal har hatt ei noko betre utvikling enn resten av landet. Dette gjer at mange bedrifter får større vanskar med å rekruttere arbeidskraft.
– Det igjen gjer at det blir større rom for NAV å hjelpe personar med ulike utfordringar ut i jobb, seier Veland.
Her siktar han mellom anna til ungdom, langtidsledige, innvandrarar og personar med ulike helseutfordringar.
– Om marknaden held seg som no framover, trur eg vi vil greie å hjelpe fleire ut i jobb, og gjennom det bidra til at arbeidsløysa framleis får ei god utvikling, seier Veland.
I fylket under eitt blei det nesten 400 færre ledige i mai.