– Eg må seie meg veldig fornøgd over at vi nok ein gong har god påmelding til årets UKM. Vi gler oss over det store engasjementet.
Det seier UKM-ansvarleg i Sande, kulturkonsulent Elin Almestad. Laurdag er det nok ein gang tid for å samle seg på Breidablikk for å sjå kva som skjer når ung kultur møtast. I år har i alt 62 ungdomar meldt seg på lokalmønstringa i Sande, ein deltakarmasse som fordeler seg på heile 43 forskjellige innslag. Dette er medrekna konferansierar, arrangørar og media-arbeidarar.
Deltakarane gler seg
Onsdag kveld møtte vi arrangørane, konferansierane og media-crewet under eit planleggingsmøte på Breidablik. Vi snakka med fire av dei spente ungdomane.
– Dette er fyrste gongen eg deltek. Eg har høyrt om det, men har aldri sett UKM før. Eg gler meg til å bli kjent med fleire folk. Det trur eg blir kjekt, seier UKM-debutant Agathe Skare.
13-åringen har meldt seg på som både arrangør og media-crew. Ei anna jente som er med i media-crewet Maia Kvalen (16).
– Eg har ikkje vore med i nettredaksjon før, men eg likar å skrive, så det kan bli spennande.
Ho meiner UKM er ekstra gøy då dei får samla ungdommen i kommunen. Ho gler seg spesielt til å bli betre kjent med deltakarar frå øyane.
Ein annan av dei yngre i gamet er Peter Fjørtoft Sandanger på 11 år. Han har tidlegare delteke med song, men har i år valt å stå bak scena som scenearbeidar. Hans oppgåve blir å rigge opp og ned til dei ulike innslaga.
– Det var på tide å prøve noko nytt. Eg er litt nervøs, men eg trur dette skal gå bra, seier han.
Den siste deltakaren vi pratar med er Jenny Gjerde Sætre. 16-åringen har allereie lang erfaring i UKM. Ho har faktisk delteke på fylkesmønstringa fire gongar så langt. I år står ho på scena to gongar, fyrst som soloartist og så i ensemble frå Gursken skulekorps, Nedbørsblåsarane. På toppen av dette, er ho også arrangør.
– Eg melder meg på gong på gong for å få meir erfaring. Det er alltid kjekt, seier ho.
Eit generasjonsskifte
Om deltakarane for i år kan Almestad fortelje at ho ser eit klart generasjonsskifte.
– Mange av dei som har vore aktive i UKM tidlegare har no blitt for gamle eller bur ikkje lenger i Sande. Det ser vi då det er mange nye ansikt både på og bak scena. Vi ser også at gjennomsnittsalderen på deltakarane er noko yngre i år, forklarar Almestad.
Ikkje slett så stor breidde
Eit resultat av dette generasjonsskiftet som Almestad meiner å sjå, er det faktum at breidda i årets innslag ikkje er fullt så stor som tidlegare.
– Vi har litt færre utstillarar, ingen litteratur og heller ikkje filminnslag i år. Dette håpar vi etter kvart vi vil få tilbake.
Men …
– Derimot er det gledeleg å kunne opplyse om at vi har fleire unge arrangørar og folk som vil jobbe i manesjen. Vi har som vanleg ungdomsrådet her, men i år har vi også mange som har meldt seg på som arrangørar. Vi har også mange spennande sceneinnslag, seier Almestad fornøgd.
Suksessoppskrifta
Vi spør Almestad om kva som er hemmelegheita bak den store deltakinga i kommunen. Til det får vi eit veldig samansett svar.
– Fyrst og fremst har vi ein fantastisk flokk med ungdomar her i kommunen som engasjerer seg og interesserer seg for kultur. Dei skal ha størsteparten av æra. Dei eldre har vist eit ansvar for å få med seg dei unge og skapt trygge og gode ramme rundt UKM. Vidare har vi eit veldig rikt kulturliv i Sande. Her er mange flinke folk og eit enormt apparat som er med på å fostre fram engasjement, seier Almestad.
Ho peikar som eit døme på gjengen bak dinnershow-suksessen Feel It. Dei er elles også bidragsytarar med utstyr og lærdom for deltakarane i UKM.
– I tillegg har vi eit fruktbart samarbeid med kulturskulen. Folk som vil delta gjennom kulturskulen kan til dømes ha med seg lærar på scena, noko som kan vere tryggande, held Almestad fram.
Til slutt håpar ho mange vil ta turen til Breidablik på laurdag for å sjå alle dei flinke ungdomane.