Det går fram av tal Vestlandsnytt har henta ut frå ei oversikt frå Skatteetaten.
Utbetalinga skal starte onsdag 27. juni og held fram i tre veker framover, vert det opplyst. Dermed vert det mange som i desse dagar får ei (venta) utbetaling med ekstra pengar til sommarferien.
I gjennomsnitt vert det 13-14.000 kroner til gode i Sande og Herøy, for dei som har betalt for mykje skatt og soleis får tilbake.
Samla utrekna skatt herøyværingane skal betale i 2017 er 634,6 millionar kroner, medan sandssokningane må punge ut med 172,8 millionar til fellesskapen.
Høg restskatt i Herøy
Dei aller fleste får også att på skatten. Men enkelte må betale restskatt, noko som betyr at dei ikkje har betalt alt dei er skuldige i skatt for inntektsåret 2017. I Herøy gjeld det 829 skattepliktige som må betale til saman 26,7 millionar kroner. Det gir ein gjennomsnitt på over 32.000 kroner per skatteytar, eit relativt høgt tal.
Sandssokningane som skal betale tilbake (227 personar), har i snitt vel 11.000 kroner å betale (til saman 2,7 millionar kroner).
Dei som har skattepengar til gode får pengane inn på konto innan tre veker frå 27. juni. Dei fleste får pengane på oppgjersdatoen.
Vert det derimot restskatt, må ein betale innan 20. august. Om restskatten er på meir enn 1.000 kroner, vert beløpet delt over to terminar, med andre termin 24. september.
Når skatteoppgjeret er klart, mottek du elektronisk varsel frå Skatteetaten. Då kan ein logge seg inn på skatteetaten.no for å sjå oppgjeret. Dei som har reservert seg mot digital kommunikasjon mottek oppgjeret i posten.
Nokre nøkkeltal
• Nesten 4,1 millioner lønstakarar og pensjonistar mottek skatteoppgjeret 27. juni.
• 2,7 millionar får i snitt 11.300 kroner igjen på skatten. Til saman får dei tilbakebetalt 31 milliardar kroner.
• Rundt 550.000 lønstakarar og pensjonistar får restskatt. Dei må betale til saman ti milliardar kroner, med 19.400 kroner i gjennomsnitt.
• Rundt 800.000 har verken skatt til gode eller restskatt, anten fordi dei har betalt rett beløp på forskot eller fordi dei ikkje har skattepliktig inntekt eller formue.
• 1 million av dei som mottek skatteoppgjøret leverte skattemeldinga, medan 3 millionar personar brukte leveringsfritak.
• 3,2 millionar (71 %) lønstakarar og pensjonistar totalt brukte leveringsfritak. Dei gjorde ikkje endringar i skattemeldinga, men let ho bli levert automatisk med dei førerhandsutfylte opplysingane ved leveringsfristen.
• Totalt 1,3 millionar lønstakarar og pensjonistar leverte skattemeldinga. Dei aller fleste (1,2 millioner, 92%) av desse leverte elektronisk. Rundt 85.000 leverte på papir.