Monsiade-general Arne Sandnes, opplyser at årets Monsiade ,tradisjonen tru, går av stabelen fyrste onsdagen i juni. Og i år fell dagen på den 1. juni.

– Dette er Monsiade nr 25 i rekka, og populariteten for arrangementet er upåklageleg. Planlegginga er godt i gang, og påmeldingane strøymer på, seier Sandnes, som leiar Monsiaden for 4. gong – etter at han tok over arrangementet etter sin far - Mons Sandnes.

– Min far hadde eit sterkt ynskje om at vår familie skal spele ei aktiv rolle i å føre Monsiaden vidare. Det er ei stor ære for meg å få vere med å holde dette unike arrangementet levande.

Det er mange positive krefter som er med på å skape Monsiaden. Mange frivillige stiller opp år etter år og gjer dette arrangementet mogeleg. At vi no arrangerer Monsiade nr. 25 fortel kor sterkt dette arrangementet står i regionen vår og hjå dei som vi ynskjer å gje dette tilbudet.

Monsiaden let menneske med funksjons- og utviklingshindringar få konkurrere i ymse idrettsgreiner, i tillegg har det sosiale med leik og moro eit stort fokus. Merkesteinane er vårt faste husorkester og står for det musikalske innslaget under arrangementet - i år med nykomponert «Monsiadesong». Fjøresteinane frå Ulsteinvik er oppvarmingsband.

Rundt 150 deltakarar frå dei sju kommunane på Søre Sunnmøre og Nordfjord-kommunane Stad og Kinn tek del.

– Vi ynskjer at Monsiaden skal vere eit oversiktleg og føreseieleg arrangement, der deltakarane kjenner att aktivitetane og føler meistring. Vi legg stor vekt på at arrangementet er inkluderande, seier Sandnes.

Ordførar i Vanylven Lena Marie Landsverk Sande og leiar av kultur-, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Marit Nerås Krogsæter, vil stå for den offisielle opninga.

Og tradisjonen tru startar arrangementet presis klokka 10 .

Alle utviklingshemma i området vårt er inviterte, både dei som er på institusjon og dei som bur heime. Dei som bur heime er det ikkje så lett å nå tak i med invitasjon, så her ber vi dei føresette om å ta kontakt for påmelding – noko dei kan gjere gjennom kulturkontoret i Vanylven.

Då står det berre igjen å ynskje alle deltakarane med fylgje velkommen til den 25. Monsiaden på Eidsåvoll onsdag den 1. juni kl. 10 00.