Ikkje overraskande har Fylkesmannen levert inn klage på vedtaket der maritim og teknisk komite gav dispensasjon for oppføring av den omstridde moloen på Leine.

Det positive vedtaket blei gjort etter ei synfaring tidlegare i sommar, og gjekk på tvers av tilrådinga frå kommuneadministrasjonen. Det er ikkje tvil om kva side Fylkesmannen støttar i den samanhengen.

I motsetning til den politiske komiteen har verken kommuneadministrasjonen eller Fylkesmannen syn for argumenta som søkjarane har bore fram.

Slik politikarane i komiteen ser det vil det aktuelle moloanlegget vere positivt for både friluftsliv og rekreasjon og gi langt fleire fordelar enn ulemper.

Lite igjen av det naturlege

Fylkesmannen meiner derimot moloen vil stå fram som eit omfattande og ruvande element som vil avgrense ålmenta sin tilgang til strandsona på Leine. Han viser til at svært mykje av strandsona på Leine allereie er bygd ut med ulike tiltak. Difor er det gode grunnar til å ta vare på det som er att til friluftsliv, ferdsel og rekreasjon for ålmenta, meiner han.

Fylkesmannen er også uroa over presedensverknaden ved å opne for tiltak av eit slikt omfang alle stader der det måtte vere meir vêrhardt enn det har vore teke høgde for.

Sjølv om moloen vil medføre fleire båtplassar og livd for anlegget innanfor, er det etter Fylkesmannen si vurdering viktigare å prioritere den naturlege strandsona på staden.

Vi vil også peike på at moloanlegg kan avstengast for ålmenta dersom eigarane ønskjer det, slår Helge Mogstad hos Fylkesmannen fast.

Fylkesmannen meiner dessutan at så omfattande tiltak som dette bør vere avklart på kommuneplannivå der grundigare analysar og kartleggingar av behov ligg til grunn.

Om klagen ikkje blir teken til fylgje går saka til settefylkesmann for endeleg vedtak.