– Heilt enkelt betyr det at der kvar kommune tidlegare hadde sin eigen skatteoppkrevjar, får vi no vi eit felles kontor på rådhuset i Herøy.

Det seier skatteoppkrevjar i Herøy Jan Driveklepp. Han er no formell skatteoppkrevjar i samarbeidet som har fått namnet Søre Sunnmøre kemnerkontor. Driveklepp er utdanna jurist og bedriftsøkonom, og har lang erfaring som skatteoppkrevjar i Herøy. I det siste halvåret har han også fungert som skatteoppkrevjar i Ulstein. Saman med Driveklepp har Herøy kommune også tilsett Thanja Kanagalingam som rådgjevar. Kanagalingam er nyutdanna siviløkonom.

Ansvar for 21.000 innbyggjarar

Samla sett vil Driveklepp og Kanagalingam ha ansvar for å krevje inn skatt og arbeidsgjevaravgift frå om lag 21.000 innbyggarar og om lag 950 arbeidsgjevarar. Totalt reknar ein med å krevje inn om lag 2,6 milliardar kroner årleg i skattar og arbeidsgjevaravgift, opplyser Herøy kommune på sine nettsider.

– Vi er no i ei overgangsfase som vil ta litt tid. Eg trur vi etter kvart er godt rusta for å ta oss av desse oppgåvene, forklarar Driveklepp.

Tenesta vil vere ansvarleg for utføring av kontroll mot arbeidsgjevarar i kommunane. I Herøy og Ulstein vil dette arbeidet bli utført av Nordre Sunnmøre kemnerkontor i Ålesund, medan det i Vanylven vil bli nytta eigen ressurs.

Søre Sunnmøre kemnerkontor vil ikkje ha ansvar for å krevje inn kommunale krav som kommunale avgifter, barnehage/SFO, eigedomsskatt, m.m. Dette vil framleis bli utført av den enkelte kommune.

Kva betyr det for meg?

Folk flest vil ikkje merke store endringar. Forhåpentlegvis vil folk få eit betre tilbod som er meir spesialisert, forklarar Driveklepp. Elles vil ein etter kvart måtte nytte seg av kontoret i Herøy for å få hjelp, noko dei ser på som relativt uproblematisk.

– Vi blir stadig meir elektroniske, noko vi sjølvsagt hjelper folk med om det er vanskeleg, seier Driveklepp.

Herøy, Ulstein og Vanylven har felles sentralbord, så ein kan ringe kommunen sitt sentralbord for å kome i kontakt med kemnerkontoret.