No som mørketida for alvor har meldt seg, har fleire bilistar som Vestlandsnytt har snakka med, meldt frå om veglys som ikkje fungerer. BBK varslar no at utbetringane kjem fortløpande.
BKK-kart: På BKK sine heimesider kan ein melde frå om gatelys som ikkje fungerer. Då Vestlandsnytt sjekka kartet var det opptil fleire stadar der det ikkje hadde vore gjort utbetringar på over eit år, men dette skal vere feil i kartet, fortel BKK. Dei jobbar med å rette opp i feilen og jobbar fortløpande med å reparere gatelys. Dei ber folk melde inn om veglys som ikkje fungerer som dei skal. Skjermdump: BKK (30.10.18)