Det føreligg no ein avtale mellom BTA og Sande kommune om overtaking av fiberstasjonen på Vorakletten, lengst aust på Sandsøya.
Avtalen regulerer også at BTA skal stille to fibertrådar til disposisjon for Sande kommune. Trasèen for fiber til ytre Sande går frå Sætrevika ved Åram, over fjorden til Kvamsøya og skulen der, vidare over fjorden til Sandsøya fram til skulen, samt til Rødseth i Haugsbygda.
BTA har overdrege leigeavtalen som er gjort med Telenor. No får Sande kommune full råderett over stasjonen, i samband med framleige til andre.
I avtalen heiter det også at kommunen ikkje kan framleige trådane eller bruksretten i kommersiell samanheng.
Kommunen skal dekke reparasjonar av fibernett inn mot ein avtale med Mørenett. For leveransen skal kommunen til saman betale 1.950.000 kr. Tussa IKT skal kjøpe anlegget av BTA når det er ferdig utbygt. Fiberanlegget skal vidare bli drifta og vedlikehalde av Tussa IKT.
Ytre Sande har hatt tilgang til fibernett i vel eitt år.