I regi av Runde Miljøsenter, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Runde Grendalag og Hold Norge Rent blir det 10. mars arrangert ein ryddedugnad for å rydde Runde for søppel før fuglane kjem.

Rammer fuglelivet

Minst ein million sjøfugl dør årleg på verdsbasis som følgje av marin forsøpling. Problemet truger også Noreg sitt fugleliv, heitar det i ei pressemelding. Dette er bakteppet for aksjonen på Runde. Opprydding er eit effektivt tiltak som bidreg til å redusere mengda marint avfall i viktige hekkeområde.

– Denne aksjonen er kanskje årets viktigaste ryddejobb på ytre søre Sunnmøre, fortel Charlotte Hauge i pressemeldinga.

Hauge er kommunikasjonsansvarleg på Runde Miljøsenter og er ein aktiv «plastryddar» i området. Ho fortel også at folk på Runde har rydda i nokre tiår allereie og at dei har gjort ein utruleg viktig jobb.

– Men vi ynskjer no å få vekk det meste før fuglane startar kurtisering og steller i reiret sitt, held ho fram.

Eit tonn vart rydda i fjor

Under ein tilsvarande aksjon i fjor blei det samla inn eitt tonn med søppel. Då var det om lag 100 folk som deltok.

Ikkje berre rydding

Arrangementet vil ikkje berre vere ein arena for rydding, men også by på læring. Det heile startar med foredrag og ei matøkt. Etter det får dei frammøtte tildelt roder, hanskar og informasjon.

Som ein ekstra tankevekkjar vil det også bli arrangert båtturar rundt fugleøya. Der vil arrangørane vise korleis avkapp og anna tauverk er blitt ein stor del av reirmateriale til havsula.

– I fjor vart mange overraska over kor mykje plast som var i reira til havsula. Men det er ikkje berre her det er mykje å ta av. For ikkje så lenge sidan var eg nedanfor sperringane og plukka plast og plastflasker i Lundeura, det er nok å ta av, slår Hauge fast.

Ynskjer seg fleire frivillige

I pressemeldinga oppmodar Runde Miljøsenter fleire om å delta.

– Vi vil invitere lokalbefolkning, politikarar, forskarar og alle andre som vil til ein dag langs fjøra, heitar det avslutningsvis.