Det kjem fram i siste utgåva av Båtmagasinet som no er på veg ut til abonnentar og utsalsstadar.

«Dette var fantastiske nyheiter!», seier sekretær Inge-Johnny Hide i Gursken Båtlag i høve pristildelinga, og nyttar høvet til å gratulere alle medlemer i båtlaget med prisen. Dermed vil Båtmagasinet sin «ljugekrakk» snart kunne pryde det flotte anlegget i Haugsbygda.

Over to sider skriv Båtmagasinet om «Giganthavn i liten bygd». Her skriv bladet mellom anna:

Det tar ikke lang tid å passere Haugsbygda i Sande kommune når man kommer landeveien mot Gurskebotn. Men båthavna legger man merke til. Nytt klubbhus, nye betongbrygger, tankanlegg og  ­-- ikke minst  ­­- en gigantisk molo fylt opp med nærmere 40.000 kubikkmeter steinmasser. Ikke dårlig for en båtforening som teller 57 medlemmer.

Til magasinet uttrykkjer Gursken Båtlag takksemd for godt samarbeid både med Sande kommune og Kystverket. Dei framhevar også den solide innsatsen som medlemene har lagt ned i å få til det som Båtmagasinet omtalar som «ei fantastisk hamn».

Haugsbygda hamn er eigentleg ei fiskerihamn som lenge stod uferdig, med to moloendar stikkande ut i fjorden. For nokre år sidan tok båtlaget initiativ til å få ferdig molobygginga. Arbeidet skreid raskt fram, og skaut for alvor fart då ein fekk tak i steinmassar frå utdjupinga av Åramsundet.

I Haugsbygda sitt hamneområde er det i dag eit yrande liv med fleire aktive bedrifter, eit par fiskebåtar – og altså det flotte anlegget som Gursken Båtlag kan skilte med. Vi gratulerer med prisen!