Det meiner Fylkesmannen, som nok ein gong har gripe inn mot ei arealsak i Herøy og klaga på eit positivt løyvevedtak som kommunen har gjort.
Skjerma båtplass
Denne gongen dreiar det seg om bygging av ein molo som i fylkesmannen sine auge vil vere eit uheldig naturinngrep i strandsona. Frå kommunen fekk nausteigaren på Nautøya ja til å bygge ein vinkelmolo som erstatning for den voren han i dag har ved naustet sitt. Slik vil han etablere ein lun båtplass som vil vere skjerma for vind og sjø.
Bakgrunnen for Fylkesmannen sitt meir restriktive syn, er at det aktuelle området på Nautøya ser ut til å vere lite prega av inngrep frå før. Ein vor er lite synleg ved flo sjø, medan ein molo med lik høgde vil vere synleg heile tida.
Dette vil difor vere ei vesentleg endring i høve landskapsverknad, og vil verke privatiserande for strandsona, meiner han.
Fylkesmannen er dessutan redd at tiltaket vil medføre ein uheldig presedens-effekt, som vil gjere det vanskeleg for kommunen å vareta strandsona i liknande saker. Han meiner kommunen i større grad må legge til rette for felles hamneanlegg for småbåtar.
Dersom kommunen ikkje tek klagen til fylgje er det duka for vidare klagebehandling av saka hos ein settefylkesmann.