Larsnes/Gursken tapte 2–4 for Volda på landsbygraset i fredagens 4.-divisjonsoppgjer. I ein varm og heit kamp, både i temperatur og stundom i taklingar, leia Volda 2–0 midtvegs i 1. omgang. Måla kom like før og like etter drikkepausen, eit sjeldsyn på sunnmørske fotballkampar.
LGFK heva seg inn mot pause, men skapte ingen store målsjansar.
Kjappe reduseringar
I staden auka Volda leiinga til 3–0 knappe ti minutt etter pause. To små minutt seinare hedda Anders Vaagen inn redusering nummer ein.
Eit par minutt seinare vart Tor-Jørgen Kleppe, som sprang av seg nokre kilo i løpet av kampen, lagt i bakken inne i feltet av målvakta. Martin Haanes reduserte til 2–3 på straffe.
Volda auka
LGFK kom ikkje nærare utlikning enn ei hedding i stolpen frå spiss vinkel av Leiv Sindre Muren.
Volda fastsette sluttresultatet til 4–2 etter ein trippelsjanse som involverte eit hjørnespark dryge ti minutt før slutt.
Dermed står LGFK framleis med éin siger på sju kampar denne sesongen. Neste motstandar er Ørsta på bortebane.