Hurtigruteselskapet har enda ikkje betalt ei krone i anløpsavgift, og Herøy kommune truar med å sende kravet på 110.600 kroner til inkasso. Dette er summen som kommunen har fakturert hurtigruteselskapet med etter at ordninga med hamneavgift blei innført for vel eit år sidan.
Prinsipielt ueinig
Hurtigruten er prinsipielt ueinig i at kommunen har rett til å krevje anløpsavgift av ein storleik som er kravd, skriv kommunikasjonssjef Stein Lillebo i ei tilbakemelding på kommunen sitt inkassovarsel.
Her opprettheld Lillebo påstanden om at kommunen ikkje har rett til å krevje anløpsavgift, og bestrid kommuneadvokaten si vurdering som konkluderer med det motsette.
Lillebo finn det bekymringsverdig at det allereie no, og trass i at hamna ikkje har dokumentert retten til å krevje inn anløpsavgift, er varsla at kommunen ser føre seg ein auke i anløpsavgifta frå 140 til 225 kroner pr. anløp.
I tilgakemeldinga til kommunen tek Lillebo opp igjen eit tidlegare uttrykt ønskje om å drøfte mulegheitene for ein fastpris- eller rabattavtale med kommunen. Her blir det vist til at hurtigruten er og vil vere ein stor brukar av Herøy sitt hamneområde.
Dette forslaget har kommunen tidlegare avvist med å vise til at ein fastprisavtale med enkelte brukarar vil kunne vere konkurransevridande for dei andre brukarane.