Dette er tal som arrangørane er nøgde med.

Då 19 kampar var spelte, og «Liggeunderlaget» hadde teke med seg bronsemedaljen, stod til slutt finalen mellom «B-gjengen» og «Sleikjing». Etter den 9 minutts lange kampen var omme var det til slutt «Sleikjing» som gjekk sigrande inn i natta.

Cupen byrja 21:30 og var ferdig når klokka bikka 02.00.

– Vi er strålande fornøgde med nattcupen. Vi elskar ungdommane som kjem innom for å vere saman med oss på laurdagskvelden, konkluderer ein av arrangørane, Karoline Velsvik Sivertsen.