– Dette er årets dugnad for oss i Bergsøy IL Fotball, seier Hav- yard Cup-general Tom Beddari.
I tillegg til fotball kunne arrangørane by på alt frå fotballtriksing, bumperball, paintball til bading og tryllekunstnar med meir.
– Totalt er vi ti personar i cup-styret, og eg trur fleire hundre personar frå klubben er i aktivitet denne helga, i alt frå rigging til dømming og kioskdrift. Eg vil takke våre samarbeidspartnarar i Thon Hotell Fosnavåg, Herøy Lan, Sunnmørsbadet og Fosnavåg Kino for at vi i fellesskap har klart å lage eit godt produkt, seier Beddari.
Kom frå Namsos
Dei som har reist lengst er Flatanger frå Namsos kommune og Træff frå Molde kommune, som i år stilte med fire lag.
– Vi valde Havyard Cup på grunn av det sosiale aspektet og har tatt med oss mange spelarar. I tillegg har mange foreldre tatt turen til Herøy. I tillegg til å spele fotball skal vi besøke Sunnmørsbadet og teste ut paintball, seier Træff sin lagleiar til Vestlandsnytt. I tillegg er det med lag frå Loen, Stryn og Tornado frå nabofylket i sør.
180 kampar
Det vart spela totalt 180 kampar fordelt på 12 baner, både 3-ar, 5-ar og 7-ar fotball i aldersklassene 6–14 år.
Og når stadion er full av folk, spelarane viser store idrettsprestasjonar, vêret er fint og kioskkøane lange – ja då blir det eit vellukka arrangement.