På oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet har Atkins Norge AS og Oslo Economics AS gjennomført kvalitetssikringa.
I mitt hovud skal Skipstunnelen sikre sjøfarande trygg seglas. Brønnbåtane med levande laks, skal få roleg seglas, og fiskebåtane med sild og makrell i tank, skal sikre kvaliteten på råstoffet, når dei går forbi Stad. Turistane skal få sjå og oppleve noko dei aldri har opplevd før. Skipstunnelen skal og syte for at meir gods blir flytta frå land til sjø. Det er heilt i tråd med styresmaktene sine målsetjingar, i alle fall når dei held festtalar.
Eg har mista teljinga på kor mange rapportar som har blitt laga om dette planlagde hôlet i fjellet. Kor mykje alle desse utgreiingane har kosta, er det sikkert nokon som veit, Det er kanskje på tide at ein gravande journalist, ber om å få svar på akkurat det.
Eg hadde berre lese nokre få linjer av samandraget i rapporten, då eg kjende på ein snikande depresjon. Eg vart mørkare til sinns, og måtte sleppe inn nordavind gjennom kjøkenglaset- og fyre opp ein Prince.
Då eg hadde lese nokre sider til, vurderte eg å ringe fastlækjaren, og be om å få ei hasteresept på lykkepiller.
For denne siste rapporten er ein seglas inn i mørkaste natta. Det meste er blitt heilt usikkert, det einaste som eventuelt manglar, er usikkerheit om dynamitt verkeleg smell.
Skulle nokon ha ein lett og lys dag, og vil justere ned stemningsleiet, kan eg absolutt tilrå å lese denne rapporten. Sidan førre rapport med namnet KS1, som kom i 2015, har kalkulatorane på konsulentkontora gått heilt i svart. Ein kan mistenke dei for å ha kalkulatorar med solcellepanel, som nokon har lagt frå seg i eit mørkt skap.
Slik innleiar konsulentane tunneldepresjonen:
«Forventa nytte av Stad skipstunnel er redusert med over 1 mrd. kroner (over 60 prosent) sidan regjeringas konseptval i februar 2015. Netto nytte er redusert frå minus 1,4 mrd. kroner i KS 1 til minus 3,1 mrd. kroner i våre vurderingar»
Samfunnets tap ved å bygge skipstunnelen har godt og vel dobla seg sidan siste rapport, meiner konsulentane. Alle store prosjekt som kostar meir enn 750 millionar kroner, skal gjennom kvalitetssikring for å sjekke om staten (samfunnet) får avkastning på pengane sine, eller ikkje. Det heiter kost/nytte-analyser, og kan samanliknast med å selje strekkband i metervis.
Stad skipstunnel er eit pionerprosjekt, og verken konsulentane eller styresmaktene har noko som helst erfaringsgrunnlag for desse utrekningane.
Det er eit spørsmål om å satse, eller ikkje satse. Heldigvis valde generasjonane før oss å satse her ute på kanten av landet. Vi må takke Gud, for at dei ikkje brukte konsulentar.
Vegar og tunnelar på land, veit konsulentane mykje meir om. Trass i dette bommar reknemeistrane på slike prosjekt òg. Då Eiksundtunnelen skulle byggast, la Samferdselsdepartementet fram eit reknestykke, som viste at staten ville tape 40 øre for kvar investert krone på prosjektet.
I dag veit vi at reknemeistrane tok feil, Eiksundtunnelen er lønsam for samfunnet.
I førre rapport om skipstunnelen var det ei snøggbåtrute frå Bergen og nordover som bar ein del av økonomien i prosjektet. Dei som gledde seg over det ved førre korsveg, kan legge bort smilefjeset. Her er den ferske helsinga frå konsulentane:
«Det er ikke sannsynliggjort at en hurtigbåtforbindelse vil realiseres som en direkte følge av skipstunnelen, og nye analyser viser at denne uansett ikke vil være samfunnsøkonomisk lønnsom»-punktum.
Der segla ei eventuell snøggbåtruta inn i solnedgangen, med vennleg helsing Atkins Norge og Oslo Economics.
Eg leitte etter noko positivt, men fann det ikkje. For å gni det inn fortel konsulentane at om ein vel ei analyseperiode på 40 år, i staden for 75 år, blir det verre, mykje verre. Ja slik blir det om du halverer nedbetalingstida på huslånet ditt òg.
Eg veit ikkje kor lenge konsulentane har jobba med denne rapporten, men nokre av dei må ha vore i særs dårleg humør heile tida.
For sentrale politikarar, som helst vil bygge signalbygg i hovudstaden er dette ein gåvepakke, som dei rett nok har betalt for sjølve.
Nokon må manne seg opp å kjøpe inn dynamitten, og sette i gang. Kysten er bygt med kjeldress, og ikkje med Armani-dress.
.