Bergsøy går hardt ut og skårar fire mål i løpet av kampens fire første minutt. Det skal vise seg å vere ein viktig fordel, for no kjem måla tett i tett frå begge lag, og dei unge motstandarane dreg innpå. Dei følgjer Bergsøy-herrane hakk i hel, og ligg 1-2 mål bak, heilt fram til pause. Markus Buchardt set det 19. målet i det siste minuttet av 1. omgang, og stillinga endar 19-17 til pause.
Dreg frå
2. omgang startar på nær same måte som den førre slutta: Begge laga skårar mål tritt og ofte. Men 42 minutt inn i kampen byrjar noko å skje. Motstandarane, som berre har éin mann på benken, vert slitne, og Bergsøy plantar fem mål i rask rekkjefølgje. Plutseleg leiar dei med 29-22.
Falk Horten 2 skjerpar seg og skårar innimellom, men forspranget er for stort og Bergsøy er for spreke. Rett som det er, spring Markus Buchardt over heile bana i kjend stil, og dryler ballen ned i golvet og mellom beina på keeperen.
Måla held fram. Bergsøy er rett nok sveitte, men dei har framleis mykje energi, og for kvart einaste mål jublar publikum øyredøyvande og motiverer dei til å halde fram. Då får det ikkje hjelpe at Falk Horten 2 har heile seks spelarar som har vore med på førstelaget i eliteserien i år. Bergsøy vinn velfortent 37-30.
- Beste lagmoralen i år
Emil Raknes (8) vart dagens toppskårar, men også Jonas G. Lund (7) og Markus Buchardt (7) imponerte litt ekstra i Herøy-hallen i dag.
- Dette er utan tvil den beste lagmoralen vi har hatt i heile år. Det var spelmessig veldig bra og ein stor kontrast frå førre kamp. Horten Falk 2 er eit bra lag, men vi var fysisk overlegne éin mot éin, seier Emil Raknes etter kampen.
Fornøgd med gutta
Trenar Thomas Buchardt seier han er godt nøgd med angrepsspelet til Bergsøy, spesielt i 1. omgang, men han er litt misfornøgd med forsvarsspelet.
- Der er to spelarar som vi ikkje klarer å løyse heilt, så vi slepp inn for mange mål. Det same skjer utover i kampen. Vi spelar til tider godt angrep, men forsvarsspelet er litt for rufsete, og vi har ikkje like mange redningar som vi bruker å ha. Vi kan ikkje belage oss på heile tida å ha hundre prosent i angrep. Vi må tette igjen meir bakover, seier Buchardt;
- Men når det er sagt, har seks av spelarane på motlaget spela i eliteserien i år, så det er ikkje så halvgale det vi gjer.
Dessutan synest også han at Bergsøy-karane hadde ein veldig god energi under dagens kamp.
- Du blir ikkje sliten i verken beina eller hovudet når det går bra. Det sa eg også før kampen – motstandarane vil nok gi oss kamp ei stund, men på sikt vil vi knekke dei, og det var det som skjedde. Eg er veldig stolt av gutta i dag. Vi bevarer roa ovanfor motspelarane og dommarane, og der var ei god stemning i laget.
Skuffa over herøyfolket
Publikummet gjorde ein god jobb med å heie fram heimelaget – men dei skulle helst ha vore mange fleire, synest trenaren.
- Eg må seie eg er frykteleg skuffa over at her er så lite publikum. No er det handballfeber i heile Norge, og vi har gode moglegheiter til å rykkje opp til 1. divisjon, og så er her ikkje meir folk. Eg trudde faktisk vi hadde fleire herøyværingar i ryggen. Det er fantastisk å spele for fulle tribunar.