Det er laurdag morgon på kulturhuset. Helgesyslane går som dei gjer her på bruket, men bakgrunnsmusikken høyrest ikkje ut til å kome frå ein aktiv handballhall. Derimot kan det høyrast mektig orkestermusikk, av typen som berre slår deg i det augeblikket du trer inn i konsertsalen. Det er øving for Herøy brass.

– Ja, no øver vi på spreng for å bli klare til NM, prøvar dirigent Kjellstein Knotten å fortelje, men blir overdøyvd av ein symfonisk harmoni.

Har henta inn ekspertise

Knotten, som elles er han som held i dirigentpinnen, sit på sidelinja under dagens øving. I staden er det derimot den anerkjende, norske komponisten, Torstein Aagaard-Nilsen, som med engasjerte gestikuleringar dirigerer messingblåsarane.

– Fyrst og fremst jobbar eg med stykket som gjengen her skal spele i NM. Som ein utanforståande har eg litt andre syn på ting og kan hjelpe med å finpusse på nummeret, forklarar Aagaard under ein pause.

– Vi jobbar også ein del med basisferdigheiter. VI jobbar med at samspelet skal bli best mogleg, legg han til.

Stykket som Herøy brass skal opptre med er eit 12 minutts originalstykke for brassband. Det heiter «The grace of love» og er eit stykke i tre satsar.

– Det startar litt raskt, so blir det litt sakte før det tek seg opp igjen på slutten, forklarar Knotten.

Knotten grunngir valet av stykke med at det er eit folkeleg stykke som dei fleste likar.

Enorm utvikling.

Den kjende komponisten held fram med å forklare at han var her for nokre år sidan.

– Og det korpset eg møtte den gong kjenner eg ikkje igjen no. Dei har utvikla seg noko enorm dei siste åra. Her vert det gjort veldig mykje rett.

Han siktar spesielt til korleis brassbandet har utvikla ei betre klangbehandling, og at kvar individuelle musikar har blitt betre.

– Korpset har gjort ein kjempejobb. Vi øver mykje og det gir resultat, skyt Knotten inn.

Så peilar samtalen over på korleis det kjem til å bli i NM.

– Dei kjem til å få ein fantastisk tur. Dei har fine føresetnadar for NM. Hadde nokon tatt eit bind for auga mine og lat e meg høyre dei, ville eg plassere dei høgt, fortel Aagaard-Nilsen.

– Men resultatet er ikkje noko vi ser på som viktig. For oss er det ein siger berre å få lov til å hevde seg i konkurransen. Vi ser på utviklinga og opplevinga som det viktige. Eit godt resultat får heller kome som ein bonus, konstaterer Knotten.

Litt nervar

Herøy Brass går på scena i Bergen fredag 9. februar. Denne opplevinga kan gi utfordringar ifølgje Aagaard.

– For det fyrste er det ein heilt ny sal, men vi må jo osgså nemne nervar. I slike situasjonar vil sommarfuglane vere ekstra sterke, legg han til.

Knotten er også samd i at det kjem til å bli nervepirrande, men at dei er så godt drilla med stykket at det kjem til å gå fint.

Open øving

For å sette siste finishen på NM nummeret vil Herøy Brass i neste veke opne dørene framfor siste øvinga før dei reiser.

– Då får vi ei gjennomkøyring på nervar også, flirer Knotten.

Den opne øvinga er onsdag på kulturhuset.