Nyleg fekk Karsten Warholm som kjent prisen for «Årets idrettsforbilde» i Norge. No kjem Dimna-løparen heim, med sitt nyoppretta idrettsstemne KW International.

Det heile startar fredag klokka 18.00. No skal Karsten prøve å slå regjerande verdsmeister på 400 meter innandørs, tsjekkiske Pavel Maslak.

– Eg har ekstremt lyst til å vinne mot verdsmeisteren heime i Ulsteinvik, seier Karsten.

Tsjekkiske Maslak vann 400 m innandørs i 2014, 2016 og 2018. Han har tida 45.24, 0,35 sekund raskare enn Karsten si bestenotering på distansen.

Utanom Karsten Warholm sitt forsøk på å slå den den triple verdsmeisteren skal også Karoline Bjerkeli Grøvdal, Amalie Iuel og Hedda Hynne i aksjon i stemnet. Alle skal bryne seg på internasjonal motstand. Elles er det verd å merke seg det sterke internasjonale innslaget i lengdekonkurransen både for kvinner og menn.

Stemnet vert sendt på NRK1, frå klokka 18.20 til 18.50. Deretter går sendinga på nrk.no. Dette til informasjon for dei som ikkje har sikra seg billettar.