Det viser statistikken over inntekter og utgifter for dei fyrste 12 månadene etter at avgiftsregulativet blei innført frå 1. april i fjor.
Basert på kommunen sine kapitalutgifter med kaiene som genererer kaivederlag er underskotet på over ein million kroner.
Ifylgje statistikken er utgiftene summerte til vel 1,5 mill. kroner fordelt på 884.000 i renter og avskrivingar, 323.000 kroner i løns- og administrasjonskostnader, 197.000 kroner for registrering og fakturering og 162.000 kroner i vedlikehaldskostnader.
På inntektssida er kaivederlaget summert til 560.000 kroner frå til saman 800 anlaup det fyrste året. 389.000 kroner av dette kjem frå fiskefartøy.
Sal av straum og vatn har gitt eit negativt driftsresultat på 45.000 kroner.
Skal utgifter til renter, avdrag og avskriving for kaiene dekkast inn av kaivederlag må desse vederlaga aukast med om lag 280 prosent for å gå i null over eit driftsår. Det skriv rådmannen i ei sak til Maritim og teknisk komite om justering av avgiftene.
Skal ein samtidig dekke inn tapet frå starten og ut 2018 over ein sjølvkostperiode på fem år, må vederlaget aukast med 400 prosent.
Ut med kapitalkostnader
Rådmannen trur dette vil få som konsekvens at bruken av hamnene, og dermed inntektsgrunnlaget, vil bli sterk redusert. Difor rår han til at utgiftene til renter, avdrag og avskrivingar blir trekte ut frå sjølvkostrekneskapen, og at vederlaga blir auka til nivå med Ålesund hamn. Dei ligg i dag rundt 30 prosent over Herøy, og vederlag på dette nivået vil kunne generere eit overskot som kan nyttast til vedlikehald og utvikling av kaiene.
Fiskebåtane utgjer om lag 70 prosent av inntektsgrunnlaget for kaivederlaget i Herøy. Det er berre for kaiene på Mjølstaneset, samt fiskerikaia i Fosnavåg, kommunen kan krevje kaivederlag.
Rådmannen viser til at etter at hamneavgifter vart innført har bruken av dei kommunale kaiene nesten blitt fråverande for båtar under 15 meter. Det har òg kome inn mange klager på desse avgiftene frå båteigarar.
Rådmannen foreslår difor at båtar under 15 meter skal sleppe å betale for kaibruk mindre enn 14 dagar i månaden.