Bak initiativet finn vi to lokale bedrifter, TANGO Seaweed og Møre-to-Sea. Arrangementet har høveleg fått tittelen «Tangfest 2019». Herøy kommune ved kulturavdelinga og Sparebanken Møre er også samarbeidspartnerar.

- De fleste langs kysten har et forhold til taren, men likevel er det mye ved den som er ukjent for oss. Målet med Tangfesten er derfor å dele kunnskap, nysgjerrigheit og opplevingar knytt opp mot havets spennande vekstar. Det skriv arrangørane i ei pressemelding.

Mangfaldig program

Arrangørane legg opp til aktivitetar fleire stedar i kommunen. Festen vert opna fredag kveld 26. april med «tang og tango» i meirenntusenord-løa på Nærøya. Laurdag blir det aktivitetar for folk i alle aldrar på og rundt Herøy gard, og søndag kan ein få innhaldsrikt påfyll på Runde Miljøsenter.

Så langt inneheld programmet fjøreturar, matlaging, foredrag, båtturar, konsert og endå meir. I tillegg til det arrangørane sjølve står bak, har dei invitert med aktørar og foreiningar frå fjern og nær. Blant anna så vil Ting med Tang frå Engelsviken utanfor Oslo dele kunnskap om bruk av tang og tare.  Marita Bett Aakre frå Bakketunet på Bjørke vil invitere med barna ned i fjøresteinane for å lage tarekunst, og elever frå kokkelinja på Herøy VGS lagar fingermat av havgrønnsaker. Herøy Kameraklubb vil arrangere en fotokonkurranse med tang og tare som tema og kajakklubben vil utforske tarelandskapet og dyrkingsanlegg frå sjøsida.

- Dersom det er andre lag eller personar som kan tenke seg å arrangere eigne aktivitetar er det berre å hekte seg på og ta kontakt, oppfordrar initiativtakarane.