Kommunestyret vedtok på førre møte at kommunen skal kjøpe ein aksje i det som vert eit nytt A/S som jobbar for Ålesund lufthamn. Målet med etableringa er å styrke Vigra sin posisjon som nasjonal lufthamn for Nordvestlandet.

Innskotet, 25.000 kr, vert henta frå kommunen sitt ubundne investeringsfond.

Til saka sa Inge-Jonny Hide (H) at reiseliv har eit veldig stort potensial.

– Men brukarane er ikkje heilt nøgde når det er avvik. Det gjeld samhandlinga, der reisande nærast vert «fritt vilt». Bussen har si rute, snøggbåten har si, og publikum vert taparar, sa Hide mellom anna.

Han la til at mange bedrifter, også i Sande, har puljer av tilsette som kjem reisande frå flyplassen.

– Det at vi vert aksjonærar gjer at vi koplar oss på. Vi bør bruke denne plassen aktivt. Det kan vere ei nyttig investering, kommenterte Einar Ekroll (V).

Dag Vaagen (H) streka under kor viktig det er at kostnadene vert fordelte etter innbyggjartal i kommunane.