– Det rare er at flaskeposten har vore funnen på Hakallestranda først, og deretter har han blitt kasta på sjøen att, forklarar Raymond.

Nyleg fann han flaskeposten i fjøresteinane like ved huset der familien bur, inst i Storevika på Sandsøya. Der låg den nemleg ei plastflaske, med svart skrift utanpå.

Inne i plastflaska låg det ikkje mindre enn to brev. Det første frå 12-åringen Sophie Johanson, som skriv at ho kjem frå London i England. Sophie skriv at ho har mor, far, to yngre sysken, - og at dei har to hundar. Dessutan skriv Sophie namnet på sine to beste vener, samt at ho ikkje har meir å seie.

Om Raymond kanskje tenkte at her hadde han sjansen til å finne seg ei jamaldrande veninne gjennom eit brev som kom flytande over Nordsjøen, så tok han altså feil.

– Nei, flaskeposten var send 7. mai 2007. Det betyr at Sophie kanskje er 23 år no, seier Raymond ettertenksamt.

Datakyndig som han er, trur han det kan vere verd eit forsøk å prøve å finne fram til Sophie gjennom PC-en. I alle fall slik at ho får vite at flaskeposten er komen til Norge. Kanskje kan det også knytast venskapsband.

Først til Hakallestranda

Alt tyder dessutan på at flaskeposten først har landa på Hakallestranda.

Inne i plastflaska låg nemleg eit brev frå ein annan 12-åring, nemleg Birk Rønnestad. Han skriv at han fann flaska på Hakallestranda. Dette brevet er datert 6. oktober 2017. Vi har ikkje gått grundig til verks i forskinga, men mykje tyder på at Birk ættar frå Hakallestranda, og kanskje var i området på haustferie.

Raymond meiner bestemt at Birk heilt sikkert må ha fulgt oppmodinga frå engelske Sophie, som i flaskebrevet skriv at vedkomande som finn flaskeposten, kan setje på eit hjarte i brevet og kaste flaskeposten på sjøen igjen. Som eit romantisk kjedebrev, må vite, og med ei overleveringsfart som sjølvsagt representerer noko heilt anna enn dagens snap-ar og SMS-ar. Men det må no vere kjekkare å få flaskepost enn e-mail. :-)