Ulstein vgs.-eleven oppnådde, som tidlegare omtalt i Vestlandsnytt, heile 96 av 100 poeng under den første runden av den tradisjonsrike matematikkonkurransen før jul.
Sander frå Herøy er nest best i landet i matematikkonkurranse
Waage Kvalsvik uttalte den gongen at den andre runden ville bli vanskelegare, då dei ikkje lenger har svaralternativ. Derimot må dei framleis klare ti oppgåver på hundre minutt.
Men herøyværingen var likevel optimistisk, og innrømma at det ville vore stas å ta seg til landsfinalen i Trondheim.
Og etter å ha sanka 40 av 100 moglege poeng under den andre runden no i januar, er Waage Kvalsvik klar for landsfinalen. Til saman har han no 136 poeng, noko som gir ein flott 18.-plass. Waage Kvalsvik er godt nøgd, sjølv om han var litt uheldig på konkurransedagen.
– Eg er veldig fornøgd med å kome til finalen. Kanskje spesielt fordi eg ikkje var heilt i form under andre runde. No ser eg fram til spennande og lærerike dagar i Trondheim, seier Waage Kvalsvik sjølv i ein kommentar til Vestlandsnytt.
Abelfinalen finn stad på NTNU i Trondheim 2.- 6. mars.