I år, som tidlegare år, kom silda direkte frå feltet. Ein trufast gjeng med gjerdsvikarar samlast ved hamna, der flekking og henging av sild vert gjennomført med stor presisjon. Nye og gamle historier florerer mellom dei forskjellige stasjonane, og latteren sit laust.

Brukar å vere temmeleg fullt

– Folk får seg boknasild-middag og suppe, og i tillegg kan dei kjøpe med seg boknasild heim att. Det brukar å vere temmeleg fullt. Vi har gjester frå heile regionen. Mange kjem att år etter år, seier Paul Endre Sætre i arrangør-komiteen.

I år skjer det søndag 7. april. Silde-dugnadsgjengen i Gjerdsvika har vaska og skylt silda i sjøvatn og hengt ho til tørk. Silda, anskaffa gjennom Hjørungavåg Pelagic, skal vere heilt perfekt, meiner arrangørane.

– Vi har risengrynsuppe og havregrynsuppe i tillegg, og dei som ikkje er spesielt glad i boknasild, men likevel tek turen saman med vener eller familie, kan få kjøpt mår eller pølse. Etter middag vert det kaffi og kake, reklamerer dei.

Flekkjearbeidet vert omtala som ein årleg hyggjeleg kveld i lag med samfunnsengasjerte karar, som ikkje er redde for litt fiskeslo på fingrane».

– For å få til dei ulike tradisjonsrike arrangementa på Adolfbuda, er vi avhengige av denne type dugnad, samt velvillige kakebakande sambygdingar som gladeleg stiller opp når vi spør.

Adolfbuda-styret gler seg til denne søndagen, og håper at mange tek turen til Gjerdsvika denne søndagen. Dei ynskjer vel møtt til det ramsalte forsamlingshuset ved sjøkanten.