Les i avisa her ei sak ang Arthurspelet og husvære. Eg siterer Jostein Korsnes ordrett:

«Dersom vi ikkje kan ha huset, er vi heller ikkje på Sandsøya. Huset er eit vere eller ikkje vere for Kong Arthurspelet på Sandsøya.»

Eit ganske krasst utspel, som gjerne kan tolkast som ein trussel. Saka det er snakk om, er den gamle barnehagen på øya som Arthurspelet har disponert dei seinare åra. No har eit lokalt firma ytra ynskje om å kjøpe dette huset, då det er snakk om ein familie på 5 som muligens vil flytte til Sandsøya. Det er òg politisk vedtatt at dette huset skal seljast.

No har vi to val. Selje huset, eller la Arthurspelet ha det. «Vi er ikkje på Sandsøya» seier Korsnes om dei ikkje får ha huset vidare. Ja, kvar skal dei elles vere? Arthurspelet er og blir eit Sandsøy-spel, knytt til segn om Sandsøya. Greitt nok at dette var kommunen sitt år 2000 -kulturgreie osv. Men det er framleis eit spel som omhandlar Sandsøya, og kan ikkje akkurat flyttast inn på Gamlebanken scene heller.

Ein kan selje huset slik at familien på fem får sjanse å flytte til øya. Ei øy som er truga av fråflytting og skulenedlegging. Det bør vere eit ganske enkelt val, spør du meg. Utan folk på Sandsøya, så blir det heller ikkje noko spel. Øya står på frå morgon til kveld dagar før og dagar etter spelet for å lage eit tilbod til folk som kjem utover. Eit tilbod som spelet aldri hadde klart å kunne gi sjølv. Eit tilbod vi ikkje har noko særleg igjen for. Treng vi Arthurspelet, eller treng vi tilflytting? Treng vel eigentleg ikkje å svare på dette, då svaret seier seg sjølv. Vi treng tilflytting.

Arthurspelet kan nytte seg av andre lokalitetar. Å ha eit hus ståande slik eit spel kan nytte seg av det kvart andre til tredje år, er for meg råflott. Utleigetelt finst i alle storleikar og fasongar, og er meir enn bra nok til dette høvet. Det er trass alt eit amatørspel dette her, så å komme med truslar og diva-nykker, det kan dei halde seg for gode til.

Kaare Worren