Reaksjonane let ikkje vente på seg etter at regjeringa denne veka la fram eit framlegg til ny opplæringslov der viktige moment rundt framtidig bruk av nynorsk i skulen, ikkje er teke omsyn til. Her heiter det at kravet om læremiddel både på nynorsk og bokmål berre gjeld læremiddel «som er i jamleg bruk og dekkjer vesentlege delar av læreplanen».

Dette er for dårleg, og regjeringa seier indirekte at det ikkje er så farleg at nynorskelevar får nytte språket sitt alle stadar i opplæringa. Litt sett på spissen: Det er ikkje så farleg med dette nynorskkravet, berre vi har det i storparten av undervisinga.

Det faktum at dei styrande legg opp til ein språkpolitikk i skulen som er «stykkevis og delt, ikkje fullt og heilt» er eit urovekkjande signal som kan lage ei form for presedens for språkpolitikken dei komande åra. Kva blir det neste? At nynorsk blir nedprioritert i enkelte fag?

– Denne avgrensinga gjer at svært mange sentrale appar og læringsverktøy ikkje vert omfatta av lovkravet. Lovverket speglar ikkje at skulane no nyttar mange ulike digitale ressursar, læremiddel og verktøy i opplæringa, kommenterer direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark.

På den positive sida, som Sandsmark også peikar på, vil regjeringa innføre krav om at skulane berre skal kunne bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.

For nokre månader sidan vart Nynorsk bedriftsforum etablert, med utspring i vårt område og med leikongaren Monika Haanes Waagan som leiar. Også dei reagerer på framlegget til ny opplæringslov.

– Det handlar om barna i skule, og nynorskelevane fortener betre enn dette, seier Waagan. Nynorsk bedriftsforum ønskjer tydelege lovkrav, og vi er samde. Nynorsk kan ikkje nyttast «halvvegs».